KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



"Flest kvardagar".
"Flest kvardagar".

Flest kvardagar

Ottar Kaldhol har skrive bok med forteljingar frå vår nære fortid. Han har kalla boka Flest kvardagar, ein treffande tittel, sjølv om her også er høgtid og fest.

Dei 16 stubbane, kall dei gjerne noveller, er skrivne av ein mann som har noko å fortelje. Han gir glimt inn i liv og lagnad; omtanke og hjelpsemd, kjærleik, lykke og sorg hos menneska frå ei tid meir prega av kvardagsstrev, enn av fakter og fagre talar; ein kultur av få ord, men der det usagde gav meining for den som kunne lytte.

Oppsett er Osberget. Framsideillustrasjon av Louis Hodr Røren. Boka er gitt ut med stive permar og er på 112 sider. Flest kvardagar er trykt hos Dardedze Holography i Latvia.

Fleire prosjekt

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no