KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



Skjermbilde av boligveljaren til Ulsmo.
Skjermbilde av boligveljaren til Ulsmo.

Boligveljar for Ulsmo

Ulsmo er i desse dagar i ferd med å realisere eit av dei største boligprosjekta i Ålesund, Voldsdalsberga. I prospektet står det bl.a: “Fri Sikt Volsdalsberga ligger i et skrånende, sydvent amfi med storslått utsikt over Borgundfjorden og Sunnmørsalpene, himmel, øyer, fjord og fjell. Landlig, men bynært, med flotte utearealer, bade- og rekreasjonsmuligheter. 150 unike leiligheter skal føres opp over to byggetrinn”.

Boligveljaren gir rask og god oversikt
Saman med Ulsmo og arkitektselskapet Niels Torp, har Osberget utarbeid ein boligveljar for dei ulike husa og leiligheitene. Ved bruk av boligveljaren er det enkelt for aktuelle kjøparar å få oversikt over prosjektet og finne si leilegheit. Boligveljaren syner dei ulike husa, faktatekst og bilde over dei ulike leilegheitene. Ved at leilegheitene er merka med gult, grønt og raudt, vil det bli enkelt for kunden å finne fram reservert, selde og ledige leilegheiter.– Fri Sikt Volsdalsberga er eit av dei største boligprosjekta i Ålesund i nyare tid med tilsaman 150 leiligheiter. I bygge-trinn 1, med 65 leiligheiter, er allereie over 77 prosent reservert. Nettsidene og boligveljaren er eit viktig marknadsverktøy for det vidare salsarbeidet, seier administrerande direktør Ingerid Ulstein i Ulsmo.

Nettside I WORDPRESS
Du finn boligveljaren på nettsidene til Frisikt - www.frisikt.ulsmo.no. Osberget har stått for design og koding av administrasjonsverktøy. Osberget har nytta WordPress for å handtere nettsidene med eit spesialtilpassa tilleggsprogram for boligveljaren.

Osberget har dei siste åra spesialisert seg på WordPress. Fordi det er millionar av nettstadar som nyttar WordPress, er det også tusenvis av menneske som utviklar for WordPress. Det er menneske som spesialiserer seg på tryggleik, form og ein kvar nisje-plug-inn du kan tenke deg, som betyr at du kan gjere nesten kva som helst.

Det er enkelt å legge til/fjerne sider når sjølve strukturen er på plass. Dei fleste kan gjere nesten all vidareutvikling sjølv etter at sida er sett opp.

Osberget leverer nettsider med publiseringsverktøyet WordPress. Vi har opparbeidd god kunnskap og kjennskap til verktøyet, og leverer skreddarsydde løysingar til våre kundar. I løpet av det siste året har vi hatt eit titals kundar som vi har levert WordPress til bl.a Nordvest Miljø, Hareide Design og Sunnmøre Folkehøgskule. For våre kundar er det viktig med god service og god oppfølging med verdssuksessen WordPress.

Er du interessert i nye nettside, ta kontakt med magne@osberget.no eller telefon 932 17 366 for ein uforpliktande presentasjon!

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no  

 

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka