KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



nyheitsbrevbilde_levd_liv_2017.jpg

Ei flott julegåve

Levd liv 2017 er den 13. utgåva. Boka inneheld 14 artiklar av 12 ulike forfattarar. Levd liv skriv om enkeltpersonar som har markert seg, og viktige hendingar i Ulsteinsamfunnet. Årets utgåve spenner frå 17. mai-generalen Sigmund Ulstein og forretningskvinna Åshild Sivertsen til hundreårsjubilanten Ulstein Mekaniske Verft.

Ulstein Mek. Verksted 100 år
Sidan det er 100 år sidan Ulstein Mek. Verksted blei skipa, syner omslagsbildet verftet. Den blå fargen er også ein hyllest til hundreåringen. Forsida av årets utgåve har eit ikonisk portrettbilde av Sigmund Ulstein som fotograf Per Eide har teke. Eide fekk sølvmedalje for bildet i Fame potrett- konkurranse.

Fotografiet vann fleire prisar i utlandet og har vore med på fleire utstillingar både i utlandet og i Noreg. Eide har fleire bilde i boka.

Lokalhistorisk dokumentasjon
Levd liv er viktig lokalhistorisk dokumentasjon. Det historiske tidsskriftet tek vare på historia knytt til Ulsteinsamfunnet, og er eit viktig bidrag til fellesskapet. Planlegging av neste års utgåve er alt i gang, og redaksjonsnemnda tek gjerne imot idéar, tekster og bilete.

Les meir om boka her.

Vi gir bedrifter som bestiller boka til jul 100 kroner i rabatt ved bestilling av fem (5) eller fleire, dvs 200 kroner per bok.

Send bestilling til service@osberget.no 

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no  

 

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka