KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


The General Data Protection Regulation. Ny lov trer i kraft 25. mai 2018.
The General Data Protection Regulation. Ny lov trer i kraft 25. mai 2018.

Er du oppdatert på den nye personopplysningslova?

Frå 25. mai 2018 trer lova «The General Data Protection Regulation» (GDPR) i kraft.

The General Data Protection Regulation gjeld alle selskap som sel eller lagrar personleg informasjon om europeiske statsborgarar. Lova gjeld uansett om personen opptrer privat, offentleg eller i jobbsammanheng.

Dette gjeld mellom anna personopplysningar som namn, foto, medisinsk informasjon, bankopplysningar, e-postadresser, informasjon knytt til sosiale media og IP-adresser m.m.

Datatilsynet har på sine nettsider publisert ein rettleiar over ansvaret verksemder har for lagring og handtering av personopplysningar etter den nye lova trer i kreft. Rettleiaren finn du her.

Det er i hovudsak ni punkt du og di verksemda må hugse på når de handterer personleg data:

  1. Det må givast ein klar indikasjon på samtykke anten via ei erklæring eller via ei «stadfesta handling».
  2. Rett til tilgang gir enkeltpersonar rett til å krevje tilgang til sine opplysningar og informasjon om korleis desse vert nytta av verksemda.
  3. Rett til å bli gløymt gir forbrukaren rett til å få all informasjon sletta om ein ikkje lenger er kunde eller har trukke tilbake samtykket dei har gitt verksemda om å bruke personlege opplysningar.
  4. Rett til å overføre data gir forbrukaren rett til å overføre opplysningar frå ei teneste til ein anna.
  5. Rett til å bli informert betyr at enkeltpersonar må informerast før alle typar innsamling av personopplysningar.
  6. Rett til å korrigere informasjon betyr at enkeltpersonar kan oppdatere informasjon om den er utdatert, ufullstendig eller feilaktig.
  7. Rett til avgrensa behandling betyr at enkeltpersonar kan be om at deira informasjon ikkje blir nytta i databehandling.
  8. Rett til å motsette seg behandling betyr at forbrukaren motsette seg at eins personopplysningar blir nytta i direkte marknadsføring.
  9. Rett til bli varsla – Om eit datainnbrot kan få følgjer for opplysningar for enkeltpersonar, har personen rett til å få informasjon om dette i løpet av 72 timar etter at innbrotet er oppdaga.

Kort oppsummert så kan du lagre og publisere alt du vil, men berre om personen samtykker.


WordPress er godt egna for handtering av personlege opplysningar og til å iverta den nye lova.

Ta kontakt med Magne Grimstad på magne@osberget.no eller telefon 932 17 366 for ein uforpliktande samtale.

Sjå vår nye produktkatalog her.

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no