KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



bok_marie_lovise.jpg

Marie Lovise Widnes - Utvalde dikt 1942 - 2016

Marie Lovise Widnes har skrive vers sidan før ho vart tenåring. Denne boka representerer diktinga hennar gjennom over 70 år. Her er vers frå 1940-talet, og her er heilt ferske dikt. Mange av dei er publiserte i ulike bøker og samlingar tidlegare, men ein del, også tidlege dikt, har aldri vore publiserte før.
Det var gjennom visene sine at Marie Lovise først vann seg ein
namn. Landeplaga Gangdøra skreiv ho knapt 19 år gammal, men kom på plate først i 1957. Denne boka skal representere heile breidda. Derfor har vi også gitt plass til visene. Her er dessutan ein del barneviser, mange av dei slike ho skreiv til «Barnetimen for dei minste» i NRK på 1960-talet.

Elles vil du finne dikt om dei fleste tema, naturskildringar, møte med menneske, kjærleik og lykke, glede og sorg, tru, religion – og dikt med politisk snert. Vi har ikkje delt boka inn i tema eller bolkar. Dikta kjem heller ikkje i kronologisk rekkefølgje. På den måten håper vi å synleggjere breidde i produksjonen. Kanskje kan du som lesar få deg nokre overraskingar under vegs? Samtidig har vi prøvt å tidfeste dikta – og innimellom vise kvar eller korleis dei kan ha blitt brukte. Marie Lovise har skrive mange hundre dikt. Vi har fått med mange i denne samlinga, men ikkje alle. Boka startar med ein kort biografi, og vi ønskjer god fornøyelse.

Last ned (.pdf) nokre utvalde dikt her.

Kr. 350
Fleire produkt

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no