KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



 Suksess for 360 Symposium 2017 der Fantastiske Osberget leverte all grafisk design.
Suksess for 360 Symposium 2017 der Fantastiske Osberget leverte all grafisk design.

360 Symposium 2017

For fjerde gong blei 360 Symposium arrangert av Brødrene Dahl i Oslo. Ein konferanse som samla fagfolk innan vatn og avløp, samferdsel, vasskraft og havbruk og som set det grøne skiftet i fokus.

Årets symposium nådde nye høgder både i presentasjon og innhold, og det er ei glede for Fantastiske Osberget å ha fått vere med frå konsept til gjennomføring. 360 Symposium 2017 gjekk av stabelen 22. til 23. mars på the Qube, Clarion Hotel Gardermoen.

Programleiarar som Haddy N’jie, Jan Erik Larssen og Arne Hjeltnes var med og kasta glans over arrangementet. Symposiet hadde høg standard med godt over 30 forelesingar. Blant anna deltok fiskeriminister Per Sandberg og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen med eigne presentasjonar.

Fantastiske Osberget har hatt ansvaret for designen for 360 Symposium sidan starten: «Miljø» i 2011, «Vedlikehold» i 2012 og «Klima» i 2014. Tema for symposiet 2017 «Grønn fremtid – vårt felles ansvar» la grunnlaget for utforming og foredling av den visuelle profilen. Vi er stolt over at 360 Symposiet «Klima» i 2014, vann prisen for beste konferanse!

Symposiet har sidan starten vore med å sette dagsorden til viktige tema innan miljø, vedlikehold og klima. Brødrene Dahl er ein viktig samfunnsaktør og ser det som si plikt å ta sin del av ansvaret knytta til samfunnskritisk infrastruktur. Selskapet har eit sterkt ønske om å fremje vilje til investeringer i berekraftige løysingar innan sin bransje.

Inspiration leia prosjektet vel i hamn saman med Brødrene Dahl, og hadde kontrollen på alt frå a til å. Inspiration har eit høgt profesjonelt nivå i sitt arbeid, og lever opp til namnet sitt – dei inspirerer!

Messetjeneste leverer det meste ein treng til messer og utstillingar, og har gjort eit stort arbeid med å tenke ut løysingar for oppbygging av messeområdet. Det Oslo-baserte firmaet held høg kvalitet på produksjon av materiale, og stod for leveransen av den tekniske løysinga med blant anna produksjon og bygging av over 60 stander.

Både Messetjeneste og Inspiration er faste samarbeidspartnere på Symposiet 360, og leverer høg kvalitet kvar gong. Saman har vi skapt eit arrangement vi er stolte av. Sjå filmen her:

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no  

 

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka