KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



Bildet syner Polarstar legge til kai på Brandal, 26. august 2017. Foto Ishavsmuseet, Sigrid Jønsson.
Bildet syner Polarstar legge til kai på Brandal, 26. august 2017. Foto Ishavsmuseet, Sigrid Jønsson.

Den gamle dama er komen heim

Etter fleire år med restaurering kom Polarstar heim til Brandal, laurdag 26. august. Mange folk hadde samla seg for å sjå denne gamle skuta når ho no hadde fått full overhaling. I 2013 fekk Willy Nesset kulturprisen i Hareid, og i takketalen lova han å restaurere Polarstar. Lovnaden heldt han. Skipet gjekk for eiga maskin til det polske verftet Szczecin i 2013, og har gjennomgått ei fullstendig restaurering.

Willy Nesset skriv i boka “Mi interesse for ishavsbygda Brandal starta veldig tidleg på sekstitalet. Eg var då i 8-10 års-alderen og levde eit sorglaust liv i Snipsøyrdalen. På eit lite småbruk der det gjekk i gardsdrift, sommar- og sesong-jobbar og skulegang. Og leik og moro med gode vener til natta tok oss. Eg forstod ganske fort i min oppvekst at ishavsbygda Brandal var viktig for mange her på øya, også for heimen min. Og for veldig mange av heimane i distrikta rundt.”

Arbeidsplass for mange 100
Ved kai låg også boka om båten: “Polarstar - Ishavets Grand Old Lady”. Ei praktbok på 240 sider, trykt i 1000 eksemplar. Ei bok som fortel om den ærverdige og flotte skuta. No er skuta tilbake til Sunnmøre og Brandal der ho høyrer heime. Båten har opp gjennom åra vore arbeidsplassen til mange hundre menneske og har skapt store verdiar. Ishavsmuseet har god tru på på at bøkene som er trykt opp, vil bli selt i løpet av hausten.

NRK-mannen Gunnar Myklebust
Det er den kjente NRK-mannen Gunnar Myklebust, journalisten, forfattaren og utanrikskorrespondent i NRK, som
saman med Johannes Alme og Webjørn Landmark, har skrive boka. Myklebust har skrive fleire bøker. Med ein oppvekst mellom anna i Brandal og Ålesund, fekk han interesse for polarlivet.

Design og oppsett
Osberget har hatt ansvaret for designen og oppsettet. I nært samarbeid med dagleg leiar ved Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, er dei 240 sidene blitt eit flott historisk dokument for Polarstar. Boka har mange bilde som gir eit sterkt inntrykk av livet på skuta og alle stadane skuta har hatt sitt virke. Boka er trykt i Polen. Osberget takkar for oppdraget.

Bokbestilling
Boka kan bestillast på nettsidene til Ishavsmuseet - www.ishavsmuseet.no/nettbutikk Osberget har utarbeid nettsidene, nettbutikken og integrasjon til betalingsløysinga PayPal.

Om ISHAVSMUSEET AARVAK
Museet er ei sjølveigande stifting med formål å bevare
historia frå vår dramatiske sjøfarts-, fangst- og polarhistorie, og å legge til rette for studiearbeid og forsking.

Stiftinga har tilhald på Brandal der Ishavsmuseet flytte inn i nytt bygg, ei gamal sjøbu frå 1950, i 1998, 100 år etter at den første skuta gjekk ut frå Sunnmøre. Same år vart ishavsskuta ”Aarvak” sett på land i dokk ved sidan av museet. I 2009 vart eit stort fint vernebygg rundt skuta opna. Stiftinga har til no samla kring 4000 gjenstandar, ca 5-6000 foto og fleire filmar frå polare strøk heilt tilbake til 1924.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no  

 

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka