KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



servi.jpg

Design frå Fantastiske Osberget viste igjen på Nor-Shipping 2017

Den maritime klynga på Sunnmøre var sterkt representert under Nor-Shipping. Nor-Shipping blei i år arrangert frå 30. mai til 2. juni. Sidan 1965 er Nor-Shipping blitt arrangert. Arrangementet vert gjennomført annakvart år og vert sett på som ei av verdas mest betydningsfulle og kjende skipsmesser.

Det var stort for den maritime næringa på Sunnmøre at Kleven vann sin første "Årets skip" for NKT Victoria. Prisen vart utdelt til reiarlaget NKT ved konsernsjef Michael Lyng, skipsbyggar Kleven ved konsernsjef Ståle Rasmussen, designselskapet Salt Ship Design ved administrerande direktør Arne Stenersen og kaptein på NKT Victoria, Svein Ole Sæter.

Dusinet med messestandar
Fantastiske Osberget leverte standdesign for ei rekke selskap; Måløy Maritime Group, Hareid Group, Eltorque, Brødrene Dahl, Metizoft, Servi, Robinet og Norwegian Maritime Exporter. Store ressursar vert lagt ned for ein god presentasjon under messa, og Fantastiske Osberget er stolt over dei mange flotte standane og imponert over det den maritime klynga på Sunnmøre representerer av innovasjon og verdiskaping for regionen og heile landet.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no