KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



Hildegunn Welle interesserer seg både for design og yoga. Her demonstrerer ho ei yogastilling.
Hildegunn Welle interesserer seg både for design og yoga. Her demonstrerer ho ei yogastilling.

Designar med yogainteresse

I sommar opna det nye yogastudioet Yogano sentralt i Ulsteinvik sentrum. Det er Linn Urke Osnes som står bak studioet. Art Director Hildegunn Welle hos Osberget har laga den grafiske profilen til studioet. Hildegunn er sjølv interessert i yoga.

Designar og yogainstruktør
Hildegunn Welle arbeidar til dagleg som Art Director hjå Osberget, men ho er også utdanna og sertifisert instruktør i Ashtanga yoga. Ho underviser ved Yogano. Hildegunn hadde erfaring med andre former for yoga før ho prøvde Ashtanga-yoga.

- Eg har prøvd ulike typer yoga tidlegare, men ein dagleg praksis med Ashtanga yoga starta eg for to til tre år sidan. Då starta eg først og fremst for å kunne trene opp kroppen på ein skånsom måte etter ein del fysiske plager. Etterkvart såg eg at yogaen hadde mykje meir å tilby enn rein fysisk gevinst, og at den var med på å gi litt pause i kvardagen – pause frå tankar, stress og planar – og vere til stades her og no.

Dette vart starten på ei djupare interesse for treningsforma.

- Det ligg også mykje spennande filosofi bak ein yogapraksis og dette ville eg fordjupe meg meir i. Difor starta eg på ei lærarutdanning innan Ashtanga yoga. Her fekk vi lære om kva som ligg bak yogatradisjonen og korleis det kan påverke oss fysisk og mentalt.

Under open himmel
Det var dagleg leiar ved Yogano, Linn Urke Osnes som fyrst fekk ho til å opne augene for yoga.

- Den fyrste gongen eg verkeleg fekk interessa for yoga var faktisk på ein time med Linn som no driv Yogano. Då låg vi under open himmel etter yogapraksisen og fekk skildra korleis tankane kunne kome og gå slik som skyene over oss.

Hildegunn meiner ein ikkje treng noko erfaring frå anna trening for å starte med yoga.

- Eg er i utgangspunktet stiv som ein stokk og er ikkje utstyrt med den beste koordinasjon, fleipar ho.

- Så med lite bakgrunn innan verken idrett, dans, turn
eller liknande, starta eg liksom frå ”scratch”. Det var
trygt å lære seg ein fast serie som eg kunne huske, jobbe med og tydeleg sjå ei utvikling.

Herleg kontrast
Hjå Osberget driv Hildegunn hovudsakleg med grafisk arbeid på fleire ulike felt, og dette ser ein igjen i arbeidsoppgåvene.

- Til dagleg er eg på Osberget, og der er det mange
spennande prosjekt på gang som eg får ta del i, anten det er å profilere ei bedrift, lage nettsider, trykksaker eller
annonser. Det er eit bredt spekter i arbeidsoppgåver, og det er nettopp det som gjer det så kjekt å jobbe her. Både får eg verte kjent med ulike kundar og fagområder, og så får eg vere kreativ i arbeidet med desse. Ekstra kjekt var det kanskje å få profilere Yogano som eg no også underviser hos, seier ho med eit smil.

Hildegunn synest yoga er eit godt avbrekk i frå kvardagen.

- Yoga og design går kanskje ikkje hand i hand, men det er ein herleg kontrast! Ein kvardag i den kreative bransjen kan vere prega av høgt tempo og eit behov for eit klart hovud med friske idear. Då hjelp yogaen å halde hovudet kaldt og å få lande litt på matta ”mellom slaga”.

Sjekk den grafiske profilen som er gjort for Yogano her.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no  

 

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka