KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



Bjarte Skuseth engasjerer seg sterkt i alt han driv på med.
Bjarte Skuseth engasjerer seg sterkt i alt han driv på med.

Det er viktig å ha pasjon

Bjarte Skuseth (44) er dagleg leiar og eigar av selskapet XPM.no (X-Partner Møre AS). Selskapet er aller mest kjent for sine Xerox-kontormaskiner og er ein leiande aktør i Møre og Romsdal på det breie fagfeltet dokumentbehandling. XPM jobbar tett med bedrifter og kommunar om korleis dei tilsette handsamar dokument både digitalt og på papir. Her hjelper selskapet kundane til å skaffe seg ein heilskapleg dokumentstrategi.

Skuseth er fødd i Ålesund, spelte fotball for AaFK og seinare eit par år for Molde. Her trefte han også kona som han framleis er gift med. Saman har dei to gutar – som Bjarte no følgjer opp på idrettsbanen som ivrig trenar. Etter nokre år i Oslo, flytte dei til Molde der dei har slege rot. I 2002, berre 29 år gammal, tok Bjarte over X-Partner Møre AS. Han fann det spennande, men også utfordrande å skulle leie medarbeidarar som hadde 30 år bak seg i selskapet. – Men det vart fort bra kjemi på jobben. Det er ein god lærdom i livet at det er mykje du ikkje kan når du byrjar i ein ny jobb, smiler han.

Oppkjøp og ambisjonar

Bjarte Skuseth er utdanna innan business og administrasjon. Han har jobba ein god del i utlandet, både i Asia og Europa før han slo seg til ro i heimlandet. Han har også bak seg eit par års utdanning frå USA. I august 2016 tok selskapet hans over Per Solem og vart med det ein leiande aktør på kopimaskiner og effektive dokumentløysingar mellom Bergen og Trondheim. – Vi har blitt store og har fått eit godt namn. Vi legg vekt på at vi også er ei IT-bedrift og leverer løysingar for IT-dokument. Det går både på effektiv lagring og gjenfinning. Ikkje minst hjelper vi kundane med å halde kontroll på e-posten, og vi har løysingar som fungerer. Vi er kjende for å vere jordnære, seier han.

– Kva er ambisjonen til selskapet?

– Vi har ein ambisjon om å vekse vidare, kanskje gå utover distriktet vårt. Vi ønskjer oss meir utvikling og fleire tilsette innanfor dokument-IT, smart dokumenthandtering, lagring og attfinning. Kall oss gjerne dokumentdetektivar.

Stadig nye utfordringar

– Kva er den største utfordringa?

– Det er heile tida krav om omstilling. Det kan vere slitsamt å ha med seg eit heilt team på omstilling, men det er også gøy. Ein må ikkje undervurdere motstanden knytt til omstilling; det ser vi også ute i bedriftene. Elles er det ei utfordring for oss som firma at den tradisjonelle kontormaskinmarknaden er i endring som følgje av digitaliseringa. Det blir mindre behov for kopimaskiner. Så vi må ha ein vekst på 15 prosent for å kompensere for fall i maskinmarknaden. Heldigvis har vi hatt fin utvikling sjølv om det har svinga ein del den siste tida i delar av næringslivet her ved kysten.

– Kva inspirerer deg i arbeidet?

– Det kjekkaste er å sjå at kollegaer som lykkast, og er sjølvgåande; yte hjelp når det trengst, syte for at dei tilsette har det bra, og at ting flyt. Heldigvis har vi mange flinke folk ho oss. Så synest eg det er artig å reise rundt og treffe nye folk og bedrifter.

Fotballtrenar for borna

– Du er pappa og fotballtrenar. Korleis er det?

– Du kan sjølvsagt ta den sytande rolla og klage på alt og alle. Det prøver eg å unngå. Du må akseptere at ikkje alle stiller opp og at ikkje alle er like ivrige. Men det viktige er å ha masse pasjon, og vere like oppteken av andre sine born og deira framgang, som dine eigne. Du må i det heile ønskje å oppnå noko for gruppa. Eg trente eldstemann i fem år til han hadde passert ti. No er han 12 og trenar med 15-årslaget til Molde. Sjølv er eg trenar for yngstemann. Vi prøver å bygge opp eit konsept som er foreldrestyrt og som er allsidig og frivillig. Målet er å invitere klubbar i nærområdet til å bli med oss på opplegget. Så eg bruker mykje tid på fotball, men det gir også energi.

Mugs of Norway

– Kva gjer du i fritida elles?

– Eg prøver å vere mykje ute og trimme, gå eller springe, ski eller skøyter, gjerne lange turar. Molde har nokså stabile skiforhold. Så har vi eit oldboys-lag i fotball som har teke NM to år på rad. Det er artig å vere med på.

– Kva gjer du når du skal slappe av?

– Eg trur eg er nokså flink til å slå av brytaren. Ikkje minst når eg er åleine på reise. Eg trivst godt åleine. Men eg kan like gjerne slappe av i stova heime med ei bok eller eit kryssord. Det er viktig å ta seg pausar innimellom. Elles går det jo mykje i musikk. I periodar har vi det moro med bandet Mugs of Norway, der vi syng og spelar ukulelar, litt standupshow med musikalsk underhaldning.

Bandet har mellom anna blitt kjende for Geir Fjørtoft-låten «Vil ikkje danse..»

Familiemann

– Kva er ein god dag for deg?

– Eg trivst godt heime. Men ein god dag er gjerne når familien er på ferie, ofte ved Middelhavet, med avslapping, bading og ballkasting i vatnet. Eller det kan vere ein god skitur ein laurdag. Eg har også fine dagar på jobb.

– Les du?

– Akkurat no les eg Clive Cussler. Han skriv actionprega frå ulike delar av verda, lettlese og spennande. Eg likar bøker med historisk innhald, slikt som både er lærerikt og underhaldande. Eg les også nordiske forfattaren – som til dømes Jo Nesbø. Det eg absolutt ikkje les, der er desse motivasjonsbøkene.

– Kva er favorittmåltidet?

– Det er nok måltidet julaftan. I tillegg er potetball ein favoritt. Det same er ein god kjøttkakemiddag laga på gamlemåten, tradisjonsmat.

– Liker du å lage mat?

– Ja, men det blir ikkje tid til det. Eg har ei kone som er tannlege og sluttar klokka 15 på jobb. Ho ordnar som regel middagen.

– Kvar går neste reise?

– No skal vi til Oppdal på vinterferie og så til Gran Canaria på påskeferie. Vi prøver å reise så mykje vi kan, og trivst godt ved Middelhavet.

– Er det noko du ser fram til akkurat no?

– Ja, det er mykje. Eg er inne i ein periode med mykje idrett for borna. Å vere med på aktivitetane deira er noko eg ser fram til. Så gler eg meg til snømånaden mars. Elles har året starta godt for XPM, og den trenden håper eg skal halde seg.

Langsiktig

– Kva gjer du om ti år?

– Eg er ein langsiktig fyr som ikkje hoppar etter haren. Så eg trur eg har ei rolle i firmaet. Så håper eg å ha roller innan idrett, kanskje eit styreverv. Eg liker å bidra der eg kan.

– Kva drøymer du om?

– Eg har vore med på mangt. Eg har ikkje noko ønske om å endre så mykje, men håper eg er motivert til å jobbe lenge, halde det gåande, ikkje byrje å korte ned arbeidsdagane. Det er viktig å halde hjula i gang. Kanskje kan eg lære eit nytt språk?

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no  

 

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka