KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



Nyestova dekka til Businesstreff og festmåltid!
Nyestova dekka til Businesstreff og festmåltid!

Gourmetaften på Rekkedal Gjestehus

Fredag 10. februar arrangerte Fantastiske Osberget Businesstreff på Rekkedal Gjestehus. Over 50 kundar var samla til ein festkveld hos Margrethe og Bjarne Rekkedal. Bakgrunnen for arrangementet var ein raus invitasjon seinhausten 2016: Ta med dokke kundane og kom til Rekkedal Gjestehus. Vi spanderer! Det var enkelt å svare ja på ein slik generøs invitasjon.

Bjarne ynskte gjestane velkomen i Nyefjøset med lokal ost og spekemat. Det smakte fortreffelig og ein kunne alt no ane at dette blei ein gourmet-aften av dei sjeldne. Etter ein omvisning på garden gjekk dei feststemte til Nyestova der festmåltidet stod klart. Til hovudrett fekk vi ein mør og smakfull kalvesteik, spesialtilpassa gjestar som kjem til Rekkedal Gjestehus. Til drikke fekk gjestane servert smakfull vin frå Italia eller hylleblomstsaft frå Rekkedal. Panna cotta til dessert smakte også fortreffelig.

Ny film om Rekkedal Gjestehus
Før og etter måltida fekk dei tilreisande høyre om bakgrunnen for Rekkedal Gjestehus, og ikkje minst fekk dei innblikk i sukesessen: nærvær og engasjement for det ein held på med. Per Eide hadde laga ein flott film om Rekkedal Gjesthus. Gjestane fekk også presentert ulikt arbeid frå Fantastiske Osberget.

Legg neste arrangement til Rekkedal
Fantastiske Osberget ynskjer å rette ein stor takk til Rekkedal Gjestehus for at vi fekk kome. Det er ikkje vanskeleg å anbefale våre kundar å legge neste arrangement til garden som ligg øvst i ein av verdas finaste dalar; Bondalen. Gå inn på
www.rekkedalgjestehus.no for meir informasjon.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no