KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



Vilje Kathrine Hagen synest det har vore ei fin oppleving å vere i Ulstein for å produsere den nye storsatsinga til NRK; "Heimebane". NRK leiger kontorlokaler hos Fantastiske Osberget.
Vilje Kathrine Hagen synest det har vore ei fin oppleving å vere i Ulstein for å produsere den nye storsatsinga til NRK; "Heimebane". NRK leiger kontorlokaler hos Fantastiske Osberget.

Har likt å filme i Ulsteinvik

Den norske tv-serien «Heimebane» er eit samarbeid mellom Motlys AS og NRK. Første episode blir vist på NRK i mars 2018. Ein del av tv-teamet lånte kontorlokale hos Fantastiske Osberget under opptaka i mars, april og mai i år. Vi møtte produsenten for serien, Vilje Kathrine Hagen, til eit lite intervju.

"Heimebane" handlar om Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) som har vore fotballtrenar for damelag i 15 år då ho får seg jobb som trenar for eit herrelag i eliteserien. Her møter ho mellom andre spelaren Michael Ellingsen spelt av John Carew:

– Vi følgjer Helena gjennom sesongen frå start til slutt, og ho får sine utfordringar. Som kvinne møter ho massiv skepsis og motstand, både innan laget, mellom spelarane, men også hos supporterane, fortel Vilje. Ho legg til: – Det finst få slike historier frå det verkelege livet. Det skal visst ha vore ein kvinneleg trenar for eit herrelag på eit tilsvarande nivå i Frankrike. Ho fekk sparken etter to veker. Men vi har ikkje basert historia vår på ei sann forteljing, men ho kunne ha vore sann. Fotballverda fascinerer og overraskar. Det er til dømes få homofile fotballspelarar.

Debuterer som produsent

– Kva har vore den største utfordringa?

– Det har vore mange utfordringar med serien. Eg er debutant i produsentrolla, og det er eit stort prosjekt å debutere med. Eg føler at det har vore mange store utfordringar, og mange dag til dag-utfordringar, til dømes vêret. I april såg det med eitt ut som om det var desember ute. Men vi er vande med slikt, og kastar lett om på planen. Vi liker å ta utfordringane på strak arm. Alt i alt har det vore veldig gøy, mykje fine folk, og ikkje minst har vi gledd over måten vi har blitt mottekne på her.

Godt mottekne

Vilje Kathrine legg ikkje skjul på at den største jobben i arbeidet med ein slik serie er å sikre kvalitet. No har teamet reist for sommaren, men kjem tilbake til hausten og skal gjere opptaka ferdig til oktober.

– Korleis har det vore å jobbe i Ulstein?

– Med handa på hjartet så må eg svare at det har vore fint. Det er ikkje alle stader vi har blitt så godt mottekne. Både Hødd, kommunen, Fantastiske Osberget, hotellet og folk elles, alle har teke imot oss med opne armar. Vi har filma inne i husa til folk, i hagane, det har vore velvilje heile vegen.

Staben som Motlys og NRK har hatt i Ulsteinvik, har talt kring 50-60 personar i tillegg til skodespelarar og statistar: – Vi var 200 stykke på Høddvoll i dag, smiler ho.

Eit lokale for hjarte i produksjonen

– Og så har de leigd lokale hos Fantastiske Osberget?

– Vi hadde bruk for eit lokale til hjarte i produksjonen, der vi kunne køyre logistikk og så vidare. Vi er glade for at vi kom over dette lokalet. Det er praktisk å sitje så nær kommunen og rådhuset. Mange her har lokalkunnskap og nettverk, og det har vore til hjelp for oss.

Håper å kunne gjere ein forskjel

– Kva er målet ditt?

– Ambisjonen er at så mange som mogleg skal følgje serien. Målet er ein million sjåarar eller meir. Så håper vi at folk kanskje kan bli inspirerte til å endre strukturar og tradisjonelle mønster og roller i samfunnet vårt. Kanskje kan vi vere med å starte ein endringsprosess gjennom desse ti episodane, avsluttar Vilje Kathrine Hagen, som legg til at dei har planar om ein oppfølgjar. Budsjettet for første sesong er på 70 millionar kroner.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no