KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



Ane Dahl Torp og John Carew vil gjeste regionen vår. Foto: NRK.
Ane Dahl Torp og John Carew vil gjeste regionen vår. Foto: NRK.

NRK snart på plass hos Fantastiske Osberget!

Snart er tida komen for innspeling av NRK-serien «Hjemmebane», som skal foregå i Ulsteinvik og regionen frå våren av og til hausten 2017. Utan å avsløre for mykje, handlar serien blant anna om det å vere kvinne i ei mannsdominert sportsverd.

Fantastiske Osberget er så heldige å få vere «tett på» innspelinga ved å dele kontor med produksjonsteamet. Kanskje ser vi ein kjendis eller to. Vi veit i alle fall at John Carew og Ane Dahl Torp vil gjeste Ulsteinvik og vere ein del av innspelinga!

I tillegg til at produksjonsteamet skal halde til nede i sjøkanten saman med Fantastiske Osberget, vil filminga elles utførast på Høddvoll og rundt omkring i regionen vår.

Dette gler vi oss til! Ikkje berre for at vi får ha spanande gjestar, men også fordi vi skal få vise fram bygda og regionen vår som vi er så stolt av.

Les meir om serien her.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no  

 

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka