KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



Pia Valdal Pedersen på toppen av Slogen (bildemontasje).
Pia Valdal Pedersen på toppen av Slogen (bildemontasje).

Pia Valdal Pedersen (27 la om livet og gjekk ned 35 kilo

Når vi i dag møter Pia Valdal Pedersen (27), er det umogleg å tenkje seg at denne spenstige Ålesunds-jenta for halvtanna år sidan vog over 100 kilo. No er 35 av dei borte.

– Kva var det som fekk deg til å byrje?
– Det heile starta for eit og eit halvt år sidan. Eg bestemte meg for å legge om kosthaldet og kome meg ned i vekt.

– I oktober (2015) vart det brot med kjærasten min. Resepten var å putte all energien min i trening. I dag er eg glad for at det gjekk som det gjekk. Eg har hatt nokre månader då eg har vore så egosentrisk som det går an å vere; kjøpt utstyr for dei 50.000 kronene eg hadde spart til bryllaupet vårt: randonee-utstyr, stegjern, treningsutstyr, sko og teke skredkurs, klatrekurs, kajakkurs. Alle dei 50.000 har gått med i løpet av eit halvt år.

– Var det nokon som hjelpte deg i gang?
– Ein kveld etter brotet med kjærasten sat eg hos ei venninne og var litt nedfor. Ho hadde ei bok av Erik Bertrand Larssen, Helvetesuka – 7 dager som forandrer livet ditt.

Les resten av Pias historie i boka om Tindekvindene.

Kjøp boka her.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no