KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



Magne Grimstad jr. og Åge Grimstad i arbeidsfelleskapet Fantastiske Osberget.
Magne Grimstad jr. og Åge Grimstad i arbeidsfelleskapet Fantastiske Osberget.

Positive tall i ein krevjande marknad

Selskapa Osberget AS og Fantastiske Osberget AS leverer til saman nok eit år med gode rekneskapstall, og det til tross for ein krevjande marknad. Økonomiansvarleg Lena Johnsen i Fantastiske Osberget seier at ein har klart dette fordi ein har hatt fokus på kjerneverksemdene og hatt god kostnadskontroll.

- Fellesskapet Fantastiske Osberget har blant anna gått vekk frå prosjekt der ein tek stor økonomisk risk. Dette har vi no vorte flinkare å avgrense, seier Lena. Ho seier vidare  - Ikkje lett når ein tenker på at vi arbeidar i eit kreativt yrke, der ideane boblar og handlingsviljen er stor.

Med fleire større oppgåver som blant anna eit storarrangement på Gardermoen i mars der vi har ansvar for seksti standar, nye nettsider og deltaking på fleire av årets maritime messer. Dessutan har oppdragsmengda andre stadar enn Ulstein og Hareid auka merkbart. I dag har vi ei rekke kundar i Måløy og Oslo. 2017 ser lovande ut for fellesskapet Fantastiske Osberget.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no