KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



stillingsannonse_2b.png

vi søker DIGITAL designer

Osberget er eit kreativt felleskap med lang erfaring innan merkevarebygging og design på trykte og digitale flater. Vi ønsker ny medarbeidar velkomen til eit dynamisk og spanande arbeidsmiljø. Stillinga er i utgangspunktet eit treårsvikariat med høve for fast tilsetjing.

Dine arbeidsoppgåver:
- Digital design og -marknadsføring
- Webdesign
- Interaktiv design
- Digital annonsering
- Søkeoptimalisering
- Profilering og trykksaker
- Aktiv rådgjeving i møte med kunde 

Din bakgrunn:
- Relevant utdanning og/eller erfaring
- Beherskar Adobe program godt og arbeidar effektivt innan Photoshop, InDesign og Illustrator
- God kjennskap til WordPress, UI/UX og krav til universell utforming

 Dine personlege eigenskapar:
- Taklar høg aktivitet og spennvidde med ulike arbeidsoppgåver
- Kreativ, kunnskapsrik og oppdatert på fag og ny teknologi
- Gode kommunikasjonsevner i dialog med kundar og samarbeidspartnarar
- Målretta og effektiv 
- Godt humør og evne til å inspirere
- I stand til å jobbe sjølvstendig og i team
- Beherskar norsk og engelsk godt både skriftleg og munnleg

 Vi tilbyr:
- Sentral rolle i vårt designteam
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i samarbeid med fagleg dyktige kollega
- Opplæring og innføring
- Ein bransje under stadig utvikling og fornying
- Inspirerande arbeidsmiljø og høve til å påverke din eigen arbeidskvardag
- Moderne kontorlokaler i sentrum av Ulsteinvik

Har du spørsmål  om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Magne Grimstad jr. på magne@osberget.no eller 932 17 366.

Send søknad og CV snarast til magne@osberget.no. I tillegg ynskjer vi tre gode arbeidsprøver.

Osberget AS | Besøksadresse: Sjøgata 56, 6065 Ulsteinvik |  Tlf.: +47 70 00 90 90 I   Epost: post@osberget.no | Nettstad: www.osberget.no

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no