KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 



northwest_portefoelje_1.jpg

NorthWest

NorthWest er ein tenesteleverandør innan bedriftsrådgivning med fokus på organisasjonsutvikling. Aktiviteten er retta mot verksemder utan eigen HR funksjon, eller selskap som ynskjer tilført spesialkompetanse eller ekstra kapasitet.

Osberget har levert profilen til selskapet med bl.a nye nettsider. Profilen nyttar symbolikk og fargar som dreg assosiasjonar til strategi, leiing og næringsliv. NorthWest leverer både bedriftstenester og tenester som handlar om menneske. Og akkurat som i næringslivet vevar desse to motpolane seg ofte inn i kvarandre. Dette er viktig å hugse på når ein driv med organsisasjon, og det konseptet har blitt nytta gjennom heile profilen.

Rigide former blir brotne med runde former og varme, lyse fargar vever seg inn i mørke, kalde fargar. Og vi er glade for at vi fikk utarbeide ein balansert, men profesjonell profil til NorthWest HR Support AS.

Nettsidene vert levert med publiseringsverktøyet WordPress. Løysinga er enkel og logisk å bruke. Les meir om Odd Reidar Kvalsund og selskapet her.

Sjå nettsida her www.nwhrs.no

Fleire prosjekt

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no  

 

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka