Bli kjent med Charlotte

av Fantastiske Osberget
28. mai, 2021

Charlotte Blomsterpotte er vår nyaste Art Director på Oslokontoret, og er utdanna frå Westerdals og Oslo Fotokunstskole.

Charlotte har vore ein del av Fantastiske Osberget i ein månad, og er i gong med fleire spennande prosjekt. Ho er ein racer på konsept og visuell utforming, er god til å spotte og ta i bruk nye trendar, og leverer knallsterke idéar tufta på solid innsiktsarbeid. Ho har tidlegare erfaring frå Something Good, Fjuz, Knowit Experience og Qvisten Animation.

…Og ja, Charlotte heiter faktisk Blomsterpotte! Ho tok det som eit mellomnamn for å heidre ei blomsterpotte som har gått i generasjonar i familien, og då det var hennar tur å få den, kom namnet på plass. Det seiast at blomsterpotta er laga av gjørme og leire av samisk kunst under nordlyset på Finnmarksvidda for mange, mange tusen år sidan…

Tilfeldige fakta

  • Charlotte har akkurat begynt med broderingas kunst og har eit ønske om å lage ein instagramkonto med morbide broderingar som heiter «Stikk frå helvete».
  • Ho har hatt, og er enno i ei mørk tid med rock og metal, og er ein smule emo i hjartet.
  • Ho har éin hest på fôr, nærare sagt ein einhjørning, Eldina, og ein åtte år gamal hund som heiter Popcorn.
  • Charlotte er i tillegg over gjennomsnittet interessert i å ete god mat, men hatar å måtte lage den. Og sjølv om ho ofte likar Michelin-restaurantar set ho stor pris på ein grandis rett frå omnen.
  • Til desse flotte måltida går det ofte i trash-TV. Charlotte elskar reality-TV og har binga alt av «EX on the Beach Sverige» og har alltid ei god anbefaling å kome med anten det er dårleg reality eller ein enda dårlegare skrekk eller splætter-film.

Fantastiske prosjekt Charlotte har jobba med dei siste åra

Human-Etisk Forbund

Her har ho blant anna laga film om kva Human-Etisk Forbund står for: Sjå film
Og, vore på Regnbogedugnad fordi Bømlo blei politianmeldt for å heise regnbogeflagget 🌈: Sjå film

Tine Litago

Charlotte har sendt nødhjelp til søta bror for Tine Litago:
Sjå film 1
Sjå film 2

Altibox

Ho har laga spillboard som testa reaksjonsevnene til gamerar i Oslo, Bergen og i Stavanger som spelte mot kvarandre for Altibox:
Sjå film

Proviant

Sist men ikkje minst sendte ho ein syklist med tourrets frå Lindesnes til Nordkapp for matkasseleverandøren Proviant for å sjekke kor langt han kunne kome med éi matkasse Proviant – her frå siste sykkeletappe til Nordkapp:
Sjå film