Det viktigaste for Jørgen er å bistå kundar med ein effektiv marknadsføring som treff rett. Rett målgruppe, i rett kanal, til rett budsjett. Marknadsføring i dag gjerast også i all hovudsak digitalt, det er nesten ikkje til å unngå, seier han.
Dei siste åra har det blitt sett tydelege grenser for personvern, noko som utfordrar kor enkelt det er å jobbe med datadreven marknadsføring, og har dytta faget tilbake til sine røter. Og ein god marknadsførar må holde seg oppdatert på regelendringar og krav for ulike kanalar.
Og så er det viktig at ein skriv godt, og ikkje minst er i stand til å behandle ei rekke kanalar både teknisk og strategisk. I dagens marknadsføring er det meir og meir viktig at ein gjer seg godt kjent med målgruppa ein skal treffe, deira ønske, og kvar dei er å finne, då det ikkje finns ein samla plattform som rommar alle. Folk er meir og meir splitta basert på mellom anna demografi.
Meir enn nokosinne er alt dette kritisk for ikkje å kaste vekk marknadsbudsjettet, og for å få mest mogleg tilbake for innsatsen ein legg inn. Å bistå kundar med å finne rett veg med den digitale marknadsføringa er det Jørgen brenn aller mest for, og gir han glede i arbeidskvardagen.
Men, sjølv om han kan aller mest om marknadsføring i det digitale landskapet, bistår han også gjerne med formgjeving og produksjon. Ein variert arbeidsdag er berre kjekt meiner Jørgen.
Tilfeldige fakta
- Jørgen er faktisk også ein habil portrett- og karikaturteiknar
- Han elskar naturen, men aller best på TV
- Jørgen sitt største talent er at han kan riste på augene, det har han aldri sett nokon annan som kan
- Jørgen har også opplevd å bli jaga av ein elg, sikkert heilt urelatert til at han no liker naturen best på TV.
Fantastiske prosjekt Jørgen har jobba med dei siste åra:
- Bygget opp ei fullstendig kundereise på Facebook og nettside som leverer stabile sal for Aminoblue
- Leverte leasing nettstad med prisstyring og no-code CMS for Automedia. Denne sida gjer det fantastisk godt på relevante søk.
- Prosjekt med kanalforbetring for Finansaktør der kostnad på Facebook vart redusert frå kr 1500 til kr 350 per lead over 3 månadar.
- Facebook kampanje for Mileni der antall søknadar gjennom Facebook gjekk frå 5 per månad til 300 per månad ved å endre i annonseinnhaldet.
