Bli kjent med Kateryna

av Fantastiske Osberget
28. april, 2022

Kateryna er vår blide og kreative Google Ads-ekspert som vi var så heldige å få med oss på laget tidleg i 2022. Dette er rett og slett ei vaskekte eldsjel som tek tak i alle oppgåver med entusiasme og energi, og er du ikkje forsiktig så tek ho over heile rattet, roret eller reimane og fyker avgårde – i heilt rett retning. For stålkontroll har ho også.

Ho jobbar så det susar med det meste innan innhaldsproduksjon og digital annonsering, og har eit godt auge for detaljar og å passe på at alt fyl den raude tråden. Kateryna er med på å skape optimaliserte annonsar som driv potensielle kundar eller konverteringer til nettstaden din, med nøyaktig sporing av trafikk. Ho har erfaring med Google Ads, Google Analytics, bannerannonsering, Instagram og Facebook og kan vise til konkrete resultat og måloppnåing. Ho har kunnskap om korleis ein oppnår ein betre konverteringsrate, med auke i førespurnader, sal og påmeldingar. Og det ho liker aller best er å skape gode digitale verktøy med idear som bringar bedrifter og kundar nærare – og gir ei meir verdifull oppleving for begge partar.

Rett etter vidaregåande byrja ho på Handelshøyskolen BI i Oslo. Frå BI tok ho med seg ein bachelorgrad i PR og kommunikasjon, der ho oppdaga ein brennande lidenskap for kommunikasjon og sosiale medium. Gjennom studiet fekk ho eit Internship i Hyundai Motor Noreg, og hadde mellom anna ansvar for den tradisjonsrike Norway Cup, der ho hadde ansvar for alle sosiale medium gjennom arrangementet.

Kateryna er ei veldig positiv jente med skikkeleg pågangsmot og stort engasjement for faget ho jobbar med, noko som også synest godt igjen i arbeidet hennar. Ho er nysgjerrig på morgondagens løysingar og veldig motivert til å styrke merkevara til kundane, deira omdømme og lønnsemd. Ho liker å ha mange ballar i lufta, og klarar samtidig å levere solide resultat.

Funfacts

  • Snakkar og skriv flytande russisk, sidan mamma er frå Ukraina.
  • Har spelt fotball i 10 år på Fjellhamar i 3. divisjon og cageball på BI Handelshøgskule.
  • Veldig glad i å drikke forskjellige type saft, for då drikk ho jo mykje meir vatn òg!
  • Kateryna er ein skikkeleg film- og serienerd: blant anna Prison Break, Pirates of the Carribean, Harry Potter, Ringenes Herre og One Tree Hill vekker varme kjensler.

Fantastisk arbeid Kateryna har jobba med dei siste åra

  • Då ho studerte på BI var ho engasjert i studentorganisasjonen, der ho sat som fagansvarleg i linjestyret, var ambassadør for Fadderullan og leiar for idretten cageball.
  • I internship hos Hyundai Motor Noreg hadde ho ansvar for å produsere og publisere alt av innhald på alle kanalane til Norway cup. Ho tok også bilde for å bruke i innlegg og annonsering og fekk knipsa mellom anna Erna Solberg og Petter Northug til Hyundai sine sosiale kanalar.
  • Kateryna jobba i Evolve communication AS som Performance marketing spesialist. Der fekk ho blant anna erfaring med annonsering, innhaldsproduksjon og styring av kanalar som Google Ads, Instagram og Facebook.
  • I den internasjonale bedrifta Placewise jobba ho som Performance Manager, der ho fekk ansvar for tjue storsenter. Der gjennomførte ho kundemøter, målgruppeanalysar, marknadsføringskampanjar og effektrapportering.
  • Ho har òg vore student på Oxford University i England. Der tok ho ekstra språkkurs i engelsk som ho håpar kan kome godt til nytte, skulle det dukke opp kundar som ønsker annonsering også på engelsk.