Marie har akkurat tatt bachelor i visuell kommunikasjon og gleder seg stort til å få jobbe med alle kundane våre, og helst masse forskjellig!
Ho seier sjølv ho alltid har vore ein kreativ person, også på vidaregåande tok ho kreative fag med kunst, design og arkitektur, noko som var kjempekjekt og gav meirsmak. Allereie første veka hos oss har ho fått jobba både med grafisk design for banner og invitasjonar, men venta ivrig på meir å bryne seg på.
Marie meiner sjølv at ho har ein kreativitet og lidenskap for design som vil gjere ho verdifull for både oss og kundane. Design er ikkje berre noko ho syns er gøy, men ei levande interesse. Ho synest også det er spanande å sjå korleis god design kan ha stor påverknadskraft. Det mest inspirerande seier ho er om kunden blir glad av det dei får levert – då blir ho også glad. Det er mana for hjartet som ein kan leve lenge på.
Dermed passar ho også utmerkt inn i organisasjonen med visjonen om å ha «fantastisk glade kundar»!
Tilfeldige fakta
- Marie er opphavleg frå Afghanistan, men er født og oppvakse i England (innit)
- Ho eigentleg litt hemmeleg nørd, som er glad i å spele både digitalt og på brett, – og ho ser gjerne ein anime iblant!
- Ho har to undulatar, dei heiter Zelda og Link, men innst i hjartet er ho eigentleg ein katteperson.
- Marie kan knipse, men kun på eine handa.
Prosjekt Marie er fantastisk stolte av
Barnebok
På vidaregåande skule, før ho hadde noko relevant utdanning eller erfaring fekk ho i oppdrag å sette saman ei barnebok. Det gav eit innblikk i korleis det ville vere å jobbe som grafisk designar, og var nok det som skapte interessa tidleg for faget.
Eidsfoss strategi og visuell identitet
året på universitet (2023) hadde ho eit reelt prosjekt i team med andre studentar, for ein liten stad som heiter Eidsfoss. Gjennom prosjektet hadde dei workshop og møter med kunden, og utvikla blant anna både strategi og visuell identitet.
Diverse skuleprosjekt
Marie har jobba med ulike skuleprosjekt som har vore både givande og god lærdom, blant anna utkast til plakatar til Jonas Fjeld i faget «Designstudio», forslag til ny Finn-meldingsteneste i faget «Interaksjonsdesign», og andre spanande prosjekt som t.d. å lage eit unikt og eigendefinert magasinkonsept i faget «Redaksjonell design» der ho valte anime som tema.
