Bli kjent med Marius

av Fantastiske Osberget
27. mai, 2021

Marius er ein allsidig kar som kan litt av alt. Rett etter vidaregåande flytta han til Bergen og studerte grafisk design på Høyskolen Kristiania (dåverande NKF). Han begynte å jobbe hos oss rett etter at han var ferdig med grafikarutdanninga i 2011, så no i haust har han tiårsjubileum som osbergar!

Etter nokre år hos Fantastiske Osberget fekk han ei dragning tilbake til skulebenken og fekk tre års studiepermisjon for å ta ein bachelor i PR og kommunikasjon. Marius er ei potet som jobbar med det meste innanfor design, innhaldsproduksjon, strategi, digital annonsering, nett og digitale medium. Dette siste meiner Marius er ekstra viktig fordi vi menneske blir meir og meir vande med å leite fram informasjon sjølve og ta avgjerder via nettet. Lenge før vi faktisk tek kontakt har vi undersøkt leverandørar via Google-søk, Facebook-sider og andre medium. Er ein ikkje synleg i dei rette kanalane eller ikkje har kontroll på nett-trafikken, er ein svært utsett som verksemd! Med enkle grep kan Marius hjelpe deg med å få full oversikt over all trafikk i dei sosiale kanalane og avdekke potensielle kundar og kva som skal til for å overtyde dei om å velje ditt produkt.

Tilfeldige fakta

  • Våren 2020 var Marius så heldig å bli pappa til ei lita jente som heiter Nea, så fritida til Marius går akkurat no mykje til typiske pappating. Han trivs godt heime med familien og nyt den fine pappa-tida.
  • Forutan sin nye hjertesak som er plenpleie, likar Marius å lese, lage mat, gå tur, og generelt sett hoppe fram og tilbake mellom nye og gamle hobbyprosjekt.
  • Marius er også svært glad i musikk, spelar både gitar og piano, men diskriminerer ingen sjangrar når det kjem til personlige preferansar.

 

Marius er svært stolt over at den gule, holete og humpete marka har blitt ein vakker grøn plen.

 

Fantastiske prosjekt Marius har jobba med dei siste åra

1. Libra-Plast

“Grunnen til at eg liker så godt det oppdraget vi gjorde for Libra-Plast, var først og fremst det gode samarbeidet. I fellesskap skapte vi ei løysing som løfta heimesida til Libra-Plast til eit heilt nytt nivå. Å kunne nytte internett på ein måte som skaper meirverdi både for kundane våre og deira kundar igjen, er svært givande.” -Marius

Prosjekt > Libra-Plast

2. Treklatrebutikken

“Sandal Parkdrift, som eig Treklatrebutikken.no, kom til oss og bad om ein fullskala nettbutikk med alle funksjonar ein kan forvente i ei moderne løysing. Det handla om å gjere logikken, strukturen og sjølve handelsprosessen enklast mogleg for kundane. Og med alt som skal vere enkelt å bruke, er det svært omfattande programmering og teknologi som ligg bak. Når vi klarer å få dei forskjellige teknologiane til å samsnakke og fungere saman, er det utruleg kjekt.” -Marius

Prosjekt > Treklatrebutikken

3. Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

“Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre kom til oss med eit prosjekt der brukarvennlegheit stod i sentrum. Det eg likte godt med dette prosjektet, var at vi designa løysinga med vekt på å gjere det enkelt for ungdom å finne fram til rett informasjon. Å klare å skape ei ryddig oversikt der dei forskjellige brukargruppene finn svar på sine spørsmål, var (og er) utruleg viktig.” -Marius

Prosjekt > Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre