Sondre har gått grafisk design på Norges Kreative Fagskole (NKF), Illustrasjon ved Solent University, Southampton, og har i tillegg bachelorgrad i Visuell kommunikasjon ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen. Medan han utdanna seg fekk han erfare ulike yrker, som til dømes badevakt, Jernløftar på Ørsta Stål (no Vik Ørsta), resepsjonist og heimesjukepleiar. Etter utdanninga har han stort sett jobba freelance, med OPF (Oslo Pensjonsforsikring) som fast kunde dei 6 siste åra.
I Fantastiske Osberget jobbar Sondre med til dømes grafisk design, illustrasjon, animasjon, foto og skjermdesign (web/app). Han har lang erfaring med webdesign og UI/UX-design som han hovudsakeleg jobba med i si siste stilling. Både kunde og designar må spele på lag for å løfte brukaropplevinga til dei høgder som den skal vere. Sondre kjem gjerne med målestokken og sikrar at akkurat di kundereise er perfekt!
Tilfeldige fakta
- Sondre er både son av ein tvilling og bror med ein tvilling, og har to yngre søstre som også er tvillingar.
- Han er sjølv pappa til dei beste gutane i verda!
- Sondre har eit gamerhjarte – med forkjærleik til eventyrspel og japanske rollespel.
- Han elskar musikk og speler sjølv bass-gitar. Har spelt i nokre band oppgjennom, men har stort sett blitt bytta ut med kjøleskap.
- Sondre drikk altfor mykje kaffe.
- Sondre har spelt fotball heile livet. Han spring fort – men kort, og har meir presisjon enn teknsiske ferdigheiter på bana. Trikserekorden på ca. 52 frå 2004 er fortsatt ståande.
Fantastiske prosjekt Sondre har jobba med dei siste åra
- Det første han gjorde var å redda verda saman med barn, i bacheloroppgåva – «Små hoder løser store problemer» i 2014.
- I 2016 utvikla han blant anna kundereise illustrasjonen for Brødrene Dahl, medan han jobba for oss i Fantastiske Osberget.
- Siste åra (2016 – 2022) har han jobba med eit stort digitaliseringsprosjekt for OPF. Digitalisering av tjenester for medlemmer/kunder, virksomheter og internt. Her har han arbeida med UX/UI i samband med nettside/innlogga sider for pensjon, lån og forsikring.
