Bli kjent med Stine

av Fantastiske Osberget
06. mai, 2021

Stine er vår splitter nye visuelle kommunikatør i Oslo, og har vore ein del av Fantastiske Osberget ein liten månad. Ho er ein positiv og blid person som likar litt fart i arbeidet, hektiske dagar på jobb, og trivst aller best når ho får jobbe med mykje forskjellig.

Dei siste 5 åra har Stine jobba og studert i London. Ho har ein bachelor i journalistikk frå Kingston University, og gikk deretter over til å arbeide med grafisk design hos H2O Publishing. Nyleg fullførte ho også ein master i Art Direction frå University of the Arts London, så Stine har ein ganske så blanda bakgrunn!

Hos oss kjem Stine til å jobbe mykje med tekst, filmredigering, 3D-animasjon, logoar, trykk og art direction. No som nettet blir brukt meir og meir til marknadsføring av både små og store bedrifter, er det viktig for kunden og sjå på dei midla som er mest effektive. Dette er ofte video, animasjonar eller andre digitale format. 3D er også eit område som blir brukt meir og meir, og som har utruleg mange moglegheiter. Dette er ein trend som held fram med å vekse, og her står Stine klar til å bidra!

Stine har også ein spesiell kjærleik for trykksaker, og synst det er utruleg spennande å jobbe med å modernisere og tilby sterkt visuelle brosjyrar, katalogar, magasin, osb.

Tilfeldige fakta

  • Etter at Stine flytta tilbake til Noreg har ho i år endeleg funne tilbake til snowboardet.
  • Stine er ein stor bokorm, og har lest 30 bøker så langt i år. Målet er minst 60 – sjangrar varierer mellom alt frå sakprosa til skjønnlitterært.
  • Stine elskar å lære nye ting, og er i gong med å lære seg spansk og fransk.
  • Stine likar å sjå på seg sjølv som feminist, men høyrer på ganske kvinne-nedverdigande rap og R&B.

 

Fantastiske prosjekt Stine har jobba med dei siste åra

  • Grafisk design for 15 ulike B2B titlar hos H2O publishing, som for eksempel Pub & Bar magazine og Bakery Business.
  • Event branding for National Breakfast and Brunch awards. Eit årleg arrangement.
  • Masterprosjektet til Stine: One Size Fits Men. Ein kampanje for å få fram korleis ein mannsdominert industri gjer at teknologi kan vere diskriminerande og i nokre tilfelle farlege for kvinner å bruke. AD, grafisk design, tekstforfatting, 3D og video-redigering.
  • Ein kampanje om angst på offentleg transport i London med plakatar, buttons og brosjyre. (Mockup for TFL – var ikkje oppdrag frå dei). I samarbeid med illustratør Anjuna Harper. Her stod Stine for AD, grafisk design og tekstforfatting.