Ho har både bachelor i grafisk design og fagskuleutdanning innan reklame og merkekommunikasjon. Og kombinerer gjerne sin sans for det fagre med sin kunnskap om funksjon og effekt.
Veronica jobba tidlegare som frilans kreatør/art director etter fagskuleutdanninga, men sakna å jobbe meir med det kreative. Difor blei det også ein bachelor ved NTNU i Gjøvik. No er ho ferdig utdanna og klar for å ta over verda, og har si første stilling her hos oss i avdeling Oslo. Første prosjektet er design av messestand, og ho gler seg allereie til å få jobbe med andre spanande prosjekt i framtida. Interessene hennar spenner bredt innanfor designverda, med alt frå visuell identitet og typografi, til emballasjedesign og tenestedesign.
Veronica meiner at godt design ikkje kun handlar om estetikk, men også strategi. Design kan hjelpe eit selskap med å skilje seg fra konkurrenten ved å skape sin eigen merkevareidentitet som ein kan kjenne seg igjen i og hugse. Godt gjennomtenkte løysingar skapar også tillit hos kunden og har potensialet til å engasjere ei heil målgruppe.
Tilfeldige fakta
- Veronica kan ikkje plystre – det meinar ho er fysisk umogleg.
- Ho har sett Elling-filmane så mange gongar at ho kan sitere dei utanåt.
- Ho har logga over 426 timar på dataspelet Sims 4.
- På ungdomsskulen hadde ho One Direction-blogg.
- Veronica elskar å reise og oppleve nye ting, og har både ridd på kamel og dykka i Rødehavet.
Prosjekt Veronica er fantastisk stolte av
UKA Gjøvik 2023
For studentfestivalen UKA i Gjøvik designa ho saman med ein medstudent alt frå logo til innlegg på sosiale media, fontar, hettegensarar, armband, totebags, klistremerke, plakatar osv. Det var ei utroleg morosam oppleving som gleda heile studentmiljøet på Gjøvik.
Ungfritid
Saman med utviklar og ein medstudent redesignet ho nettsida for Ungfritid med fokus på brukarvennlegheit og universell utforming. Det resulterte i eit omfattande designsystem som inneheldt alt fra sjølvillustrerte ikon som fungerte som mikrointeraksjonar, og fargekominasjonar for kvar aktivitet og med skriftstørrelsar som skulle fungere på alle flater. Resultatet blei ein meir leiken og intuitiv nettstad for unge.
Påmms
Noko av det kjekkaste ho har hatt so longt, var der ho fekk bryne seg på eit helt eige prosjekt i eit emne på studiet kalla «drømmeprosjektet” med heilt frie tøyler til å skape kva ho ville (endeleg). Da laga ho visuell identitet for eit street-food-konsept med nederlandsk preg fra eit nasjonalt folkeeventyr. Kontaktpunkta inkluderte alt fra logo til fargar, grafiske element, bestikk, uniform, meny og ei komplett matbod.
