KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


hvorfor_norge_-_portefoelje.png

Valg 2019

I samarbeid med Abdi & Aske har vi fått utvikla ein webapplikasjon som skal motivere flyktningar og innvandrar å nytte stemmeretten sin.

Utfordringa med prosjektet var å både gi god informasjon om viktige demokratiske prinsipp i Noreg, syne kvifor det er viktig å stemme, og motivere den enkelte til å bruke stemmeretten.

Abdi & Aske ønskja å setje motstridande verdiar hos norske og innvandrarar på spissen, og på denne måten vekke merksemd hos brukaren. Innhaldet er delt inn mellom tema, quiz og video med eit fast oppsett som skal gjere det intuitivt for brukaren å navigere seg gjennom innhaldet.

Profilen har eit nordisk preg, med isfjellet som bærande element. Isfjellet symboliserer det lille vi ser av haldningar og verdiar, og alt vi ikkje ser som ligg under havoverflata. Logo skal symbolisere denne todelinga, men også kontrastane mellom verdiar og kulturar. Desse uklare linjene ønskjer Abdi & Aske å tydeleggjere ved å svart på kvit setje fingeren på nettopp det som skapar avstand og misforståing. Logosymbolet vil også kunne assosierast med yin og yang eller balanse. Det midterste elementet kan også bære preg av isfjellet, eller ei kartnål.

"Hvorfor Norge" er eit gjennomgåande spørsmål i prosjektet. Abdi & Aske sitt svar er nettopp den demokratiske fridomen vi har i landet.

Det var Valgdirektoratet som hausten 2018 lyste ut midlar for informasjonstiltak til kommunestyre og fylkesvalet. Abdi & Aske var blant 13 av 66 søkere som fekk innvilga tilskot frå valgdirektoratet. I søknaden skreiv Abdi & Aske blant anna: "Vi skal utvikle et nettbasert informasjonsprogram til flyktninger om valg, og bruk av stemmeretten. Målet er å øke valgdeltakelsen blant flyktninger ved årets kommune- og fylkestingsvalg. Samtidig har vi et mål om at programmet kan brukes i introduksjonsprogrammet for bosatte flyktninger etter valget, og informasjonsprogram i asylmottak."

Her er resultatet: Hvorfor Norge

Fleire prosjekt

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no