KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


xledgertegnebrett_1.jpg

Xledger

Historia om Xledger tok til på slutten av 90-tallet. Jarle Sky som budde i Califorina på denne tida blei raskt overbevist om at internett kom til å bli heilt sentral for korleis bedrifter skulle operere i tida fremover. Han starta opp Xledger i 2000.

Xledger blei fødd i skya og har dei siste åra utvikla seg til å bli eit stort internasjonalt selskap. Xledger leverer nettbasert økonomistyringsverktøy (ERP - Enterprise resource planning).

Fantastiske Osberget har saman med kunden levert design og struktur for nye globale nettsider. Det har vore ein tett og god dialog mellom Xledger og Fantastiske Osberget. Vi har teke utgangspunkt i eksisterande profil der bl.a logo, fargeval og skrifttype har vore styrande for utsjånaden. Nettsida har fått ein moderne og framtidsretta design der bilde og illustrasjonar hjelper brukaren til å finne fram god og relevant informasjon.

Arbeidet med nettsida har vore stort og omfattande der sikkerheit og trygg leveranse har vore i fokus. Nettsida er plassert på Linux-server for best mogleg arbeidsflyt mellom publiseringsverktøyet WordPress og MySQL database. Dette gir ein effektiv og optimal nettløysing

Sjå nettsida her.

Fleire prosjekt

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no