Ny identitet for yogastudio

Yogano

Yogano er eit nyoppstarta yogastudio i Ulsteinvik. Tidlegare har eigar Linn Urke Osnes drive under namnet Bygdeyoga, men har no endra namn til Yogano der vi i Osberget fekk vere med i prosessen med å skape ein frisk og moderne identitet. Namnet har Linn valt utifrå kva yoga handlar om – å finne fokus og vere til stades, her og no.

Yogastudio med lun atmosfære

Studioet ligg i hjartet av sentrum og har ei varm og lun atmosfære. Terskelen for å gå inn dørene er lav – her er alle hjarteleg velkomne. Logo og element er prega av mjuke linjer for å formidle nettopp dette. Den eigendefinerte fonten er inspirert av lotusblomsten med dynamiske linjer i ei balansert ramme. Slik hentar vi inn både rørsle, stabilitet og ro frå yogaen.

Finn ut meir om selskapet på yogano.no

Fleire prosjekt

Gå til toppen