KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


nyheitsbrev_illustrasjon_2.png

Nyheitsbrev – Effektivt, målbart og brukarvennleg

Nyheitsbrev er eit effektivt, målbart og brukarvennleg marknadsføringsverktøy for å nå ut til nye og eksisterande kundar.

Nyheitsbrev er ein god måte å ivareta forholdet mellom deg, kunden og målgruppa du rettar deg mot. Med planlagde og regelmessige nyheitsbrev kan du enkelt sende ut oppdateringar om tilbod, annonseringar og andre nyheiter relatert til di verksemd.

Regelmessige utsendingar av nyheitsbrev gjer deg meir synleg, og kan gi fleire besøk til nettsider og andre kommunikasjonsportalar verksemda brukar. Det er viktig at innhaldet er relevant for målgruppa du siktar deg inn mot, og ein må ha eit samspel mellom nyheitsbrevet, nettsida og sosiale media. Innhaldet må vere presist og leie lesaren til dine eigne nettsider. 

Nyheitsbrevet er ein enkel og effektiv kommunikasjonskanal då produksjon og distribusjon er forenkla og ikkje involverer kostnader relatert til trykk og porto. Vi nyttar Mailchimp, ei plattform for automatisert marknadsføring og nyheitsbrev via e-post. Mailchimp passar for både store og små verksemder, og dekker eit breitt spekter av behov. Om du alt har ei kundeliste kan du enkelt importere denne til nyheitsbrevet, og du er klar til å sende ut nyheiter på 1-2-3.

Vi hjelper våre kundar med design og oppsett av nyheitsbrev.

---

Di neste nettside i WordPress?
Ta kontakt med Magne Grimstad på magne@osberget.no eller telefon 932 17 366 for ein uforpliktande samtale.

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no