Julestjerna 2018

150,-
Lagerstatus:
På lager
Leveringstid:
2-4 virkedagar
Frakt:
Gratis
Velg antal

Julestjerna har henta namnet frå julestjerna som lyser over Ulsteinvik kvar jul. Julestjerna blei første gong tent vesle julaftan i 2012. Då hadde Magne Grimstad jr. to dagar tidlegare presentert idéen for Lidbjørn Vattøy. Han stilte sporty opp, teikna modellen og kappa to-fire-tom for montering.

Innhaldet i Julestjerna er i hovudsak artiklar frå tidlegare utgjevingar ved Osberget. Det er artiklar, dikt, songar eller foredrag som tidlegare er gitt ut eller framført. Med gjenbruk av tekstar så held vi oss til god juletradisjon der vi syng dei gode gamle julesongane, et den tradisjonelle julematen og les dei same fortellingane. For mange av artiklane er det nytt at bileta blir i farge og at oppsettet blir annleis. Vi har for dei fleste fortellingane valt å la teksta stå åleine og at bilda kjem til slutt.

Vi takkar alle bidragsytarane som har vore rause og delt sine fortellingar. På den måten lever historiene vidare. Innhald:

– Julefestane i Hasund og Dimna
– Julegryta
– Oddny Holte
– Julekveldsvisa
– Juleskikke
– Juleevangeliet
– Fotografen som skapte kulturhistorie
– Gardsvorden
– Johan von Cappelen
– Mjølsekken
– Quiz
– Jul og juletradisjonar