Levd liv 2016

350,-
Lagerstatus:
På lager
Leveringstid:
2-4 virkedagar
Frakt:
Gratis
Velg antal

Levd Liv 2016 er den 12. utgåva. Vi vonar at også denne utgåva vil vekke interesse hjå lesarar som er opptekne av lokal historie. Innhaldet er av interesse både for eldre og yngre lesarar. Vi skriv om enkeltpersonar som har markert seg, og viktige hendingar i Ulsteinsamfunnet.

Innhaldet spenner frå skipsforlis tidleg i førre hundreåret, via krigsopplevingar og FN-oppdrag til nyare industrihistorie og nasjonal popsuksess.

Levd liv er viktig lokalhistorisk dokumentasjon. Redaksjonsnemnda er glad for alle som stiller opp og skriv artiklar om lokalsamfunnet og på den måten bidrar til boka. Planlegging av neste års utgåve er alt i gang, og vi tek gjerne imot idéar, tekster og bilete.

Innhald:

  • Historia om Gunnar W. Eide
  • Ulsteinkonsernet – salet, reaksjonane og konsekvensane
  • Posten i Ulstein 1804–2013
  • Dagbok frå aprildagane 1940
  • Ulstein vidaregåande – rett skule på rett plass til rett tid
  • Historia om Alice frå Ulsteinvik
  • Kulturlandskapet Osnes – Flø
  • Bård Larsen – ein bauta i kulturlivet i Ulstein
  • FN-soldat i Suez og Gaza
  • 100 år sidan Onward-forliset
  • Fisket ved Vest-Grønland
  • Ragnar Ulstein heidra med byste i Ulsteinvik