KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Drama i Atlanterhavet

bildestorleik_2.jpg

Boka fortel om ei hending der ein vanleg lastebåt fekk i oppdrag å frakte 16 lokomotiv som kvart vog ca. 110 tonn. Dette er spesialtransport som verken rederiet eller skipets mannskap hadde den minste erfaring med. 

Å laste lokomotiv om bord på eit spesialskip er som å stable flasker i ei pappøskje med skiljeveggar. MS Rumba hadde ikkje skiljeveggar. Skulle lokomotiva sikrast og stuast på ein forsvarleg måte, ville det ha kosta uhorveleg mykje. Desse pengane ville ikkje H.J. van Moppes legge ut, og båten vart sendt ut på eit sjølvmordsoppdrag.
 
Farvatnet ved Newfoundland er svært stormfult i desember månad. 14. desember sleit all lasten seg i rommet og ein var sikre på at lokomotiva ville slå hol i skutesida. Mannskapet vart evakuert på dramatisk vis. Helikoptrbesetninga sette livet på spel for å redde mannskapet på MS Rumba. Historia var topp nyheit i Nord-Amerika. Hendinga vart nytta i ein spissartikkel i Det Beste i 1973. Artikkelen vart også prenta i Sunnmørsposten.
Kr. 290
Fleire produkt

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no