KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Frå venstre: Lokalhistorikar Aksel Hauge, kreativ medarbeidar Rakel Ellingsen og dagleg leiar Magne Grimstad jr. med det første eksemplaret av Julestjerna.
Frå venstre: Lokalhistorikar Aksel Hauge, kreativ medarbeidar Rakel Ellingsen og dagleg leiar Magne Grimstad jr. med det første eksemplaret av Julestjerna.

Julehefte for Ulstein

Julestjerna er så vidt vi kjenner til det første juleheftet som er laga der innhald og skribentar er frå bygdene her i Ulstein, seier utgjevar Magne Grimstad jr. i Osberget. Julestjerna er eit hefte med mange og ulike fortellingar.

I samarbeid med lokalhistorikar Aksel Hauge har Osberget laga eit vakkert og innhaldsrikt julehefte etter inspirasjon frå Herborg Kråkevik og hennar julehefte Juleroser. – Eg trur ikkje det er mange som kjenner til at Ulstein hadde ei julegryte der pengane som kom inn skulle gå til julefeiring for dei trengande i Ulstein, seier Aksel Hauge. Meir om dette og bilde av julegryta kan du lese om i juleheftet.

Heftet har fått namnet Julestjerna. Namnet er henta frå julestjerna som lyser over Ulsteinvik kvar jul. – Vi ynskjer at julemagasinet Julestjerna skal bli eit felleseige og lyse opp i juletida på lik linje med julestjerna, seier Grimstad. Innhaldet i Julestjerna er i hovudsak artiklar frå tidlegare utgjevingar ved Osberget. Det er fortellingar, dikt, songar eller foredrag som tidlegare er gitt ut eller framført. Vi kan bl.a lese om julefestane i Hasund og Dimna, julegryta, juleskikkar, jordmor Oddny Holte, mjølsekken og eit dikt om gardsvorden (nissen). Dagfinn Olav Bye har skrive ned eit foredrag han har hatt om jul og juletradisjonar. Her kan du lese at mange strødde halm på golvet i stova, fordi menneska ikkje skulle ha det betre enn frelsaren. Også dei underjordiske måtte ha sitt julekvelden. Mellom anna sette ein ut graut til nissen.

Med gjenbruk av tekstar så held heftet seg til god juletradisjon der vi syng dei gode gamle julesongane, et den tradisjonelle julematen og les dei same fortellingane. For dei fleste fortellingane står teksta åleine og bilda kjem til slutt i fortellinga.

Julestjerna takkar alle bidragsytarane som har vore rause og delt sine fortellingar. På den måten lever historiene vidare. Juleheftet er å få kjøpt hos dei lokale bokhandlarane og på Rema.

Du kan kjøpe juleheftet hos Nordli på Amfi eller Notabene på Blåhuset. Juleheftet er også å få kjøpt hos Osberget og på vår nettbutikk.

Nokre bilde frå utvalte artiklar:

Forfattar Liv Lillebø Dahl i midten, initiativtakar Asbjørg Garhol til høgre og Bjørn Dahl til venstre som er gift med Liv.
Forfattar Liv Lillebø Dahl i midten, initiativtakar Asbjørg Garhol til høgre og Bjørn Dahl til venstre som er gift med Liv.

Liv Lillebø Dahl med diktbok

I vår kom Asbjørg Garhol til Osberget med ein forespørsel om å gi ut ei diktbok til vennina Liv Lillebø Dahl. Liv hadde i april fylt 70 år og bursdagsgåva frå Asbjørg og fleire var å gje ut ei diktbok med dikt av Liv.

Diktboka fekk namnet Liv laga. Ordspelet illustrere den leikne og morsomme diktstilen til Liv. Liv har skrive alle dikta sjølv og ho er også fotograf for bilda i boka. Her er eit av dikta frå boka:

TANKE
Er Ulstein ein by?
Nei, eg trur ikkje det
Det er berre ei bygd
som har mist – g og d

Osberget har stått for design, oppsett og trykk. Boka er på 48 sider i A5 format, og er trykt i 250 eksemplar. Boka kan du få kjøpt ved å ta kontakt med Liv Lillebø Dahl på bdahl@tussa.com 

Vi takkar for oppdraget.

Elias Vågnes signerer boka for Per Sævik. Elias arbeidde i fleire år som skipper for Per Sævik.
Elias Vågnes signerer boka for Per Sævik. Elias arbeidde i fleire år som skipper for Per Sævik.

Boklansering

Fredag 7. desember var det lansering for boka til Elias Vågnes «Drama i Atlanterhavet – En dokumentar». Under lanseringa takka dagleg leiar Magne Grimstad jr. for oppdraget med å lage designen, sette boka og få trykt boka med desse orda: 

"Tirsdag denne veka kom boka i hus. Det er alltid spennande å opne den første boksa og halde boka i handa. Kjene lukta av ny og fersk bok. Og for dei av oss som har fått halde eit lite barn i hendene etter ein fødsel, så kjennest det nesten slik.

Elias har bore på dette "barnet", denne boka i mange år. Det har vore eit langt svangerskap og Elias har ved fleire høve uttrykt at det har vore tungt og krevande. Men det har vore viktig for han å fortelle det som hende den gongen lasteskipet Rumba var nær ved å forlise.

Eg brukte ein søndag tidlegare i haust til å lese boka, og eg var heilt sliten etter å ha lese den. Eg var med i stormen, kunne kjenne på korleis bølgene og vinden tok tak i båten, og eg var der når båten nesten kantra. Slik kjentes det for meg som lesar. Heldigvis blei både du og mannskapet berga. 18 i talet.

Sett i frå eit littererært perspektiv: Kan ein få ein betre omtale, Elias? At du maktar å ta lesaren med inn i den dramtastiske hendinga som skjedde utanfor New Foundland onsdag 14. desember 1972, og der eg som lesar kan kjenne saltsmaken og dødsangsten og gleda over å ha blitt berga.

Nok ein gong: Gratulerer med boka."

Boka kan du kjøpe her.

Sjå innslaget frå Distriktnyheter Møre og Romsdal 6. desember 2018: 

bildestorleik_artikkel_2.jpg

Drama i Atlanterhavet

Boka fortel om ei hending der ein vanleg lastebåt fekk i oppdrag å frakte 16 lokomotiv som kvart vog ca. 110 tonn. Dette er spesialtransport som verken rederiet eller skipets mannskap hadde den minste erfaring med. Befraktaren Jumbo shipping/Kanhn scheepvaart var spesialistar på transport av tungløft og var i beit for ein båt som kunne laste lokomotiv i før sjøvegen ut frå Dei store sjøane vart stengd for vinteren, Visedirektør H.J. van Moppes hadde tideligere leigd søsterskipet til "Rumba" og meinte at ein slik båt var løysinga.

Å stå for innlastinga av ein slik last på forsvarlig vis må ein ha spesialkompetanse, tid nok til å planlegge innlasting, stuing og sikring i detalj og tilgang på store pengesummar. Vanlegvis foregår transport av stor mengder tungløft på spesialskip der resurser og kunnskap er på plass. Å laste lokomotiv om bord på eit spesialskip er som å stable flasker i ei pappøskje med skiljeveggar. MS Rumba hadde ikkje skiljeveggar. Skulle lokomotiva sikrast og stuast på ein forsvarleg måte, ville det ha kosta uhorveleg mykje. Desse pengane ville H.J. van Moppes ikkje legge ut, og båten vart sendt ut på eit sjølvmordsoppdrag.
 
Farvatnet ved Newfoundland er svært stormfult i desember månad. 14. desember sleit all lasten seg i rommet og ein var sikre på at lokomotiva ville slå hol i skutesida. Mannskapet vart evakuert på dramatisk vis. Helikoptrbesetninga sette livet på spel for å redde mannskapet på MS Rumba. Historia var topp nyheit i Nord-Amerika og besetninga på helikopteret vart dekorert og hausta elles stor anerkjenning. Hendinga vart nytta i ein spissartikkel i Det Beste i 1973. Artikkelen vart også prenta i Sunnmørsposten.
Sunnmøre Folkehøgskule og Øystein Vegge er særs nøgde med å bruke WordPress for sine nettsider.
Sunnmøre Folkehøgskule og Øystein Vegge er særs nøgde med å bruke WordPress for sine nettsider.

WordPress er enkelt å bruke

Kvar tredje ny nettside nyttar WordPress, og på verdsbasis nyttar over 60 millionar publiseringsløysinga. WordPress med opne kjeldekodar og eit utal av utviklarar har dei siste åra blitt ein stor suksess. Osberget opplever ein auka etterspørsel etter publiseringsverktøyet og har etablert god kunnskap til verktøyet.

Osberget leverer nettsider med publiseringsverktøyet WordPress. Vi har opparbeidd god kunnskap og kjennskap til verktøyet og leverer skreddarsydde løysingar til våre kundar. I løpet av det siste året har vi hatt eit titals kundar som vi har levert WordPress til bl.a Byggfag, 99X.NO og Landsbyen Larsnes.

Frå blogg til nettsdier
Historia om WordPress tok til i 2003. Det året utvikla to kompisar, Matt Mullenweg og Mike Little, verdas mest nytta publiseringsløysing. Den gongen var dei to venene berre 19 år gamle, og det var venninna Christine Selleck som gav namn til verdssuksessen. Dei første åra var WordPress mest brukt for å lage blogg. Det er det framleis også, men dei siste åra nyttar fleire og fleire bedrifter WordPress. Nokre store aktørar i Norge som nyttar WordPress, er Brønnøysundregistrene, Grieg-gruppen, Norad og Glasmagasinet.

Hentar inspirasjon frå jazzverda
WordPress hentar inspirasjon frå jazzverda, og kvar gong ein ny versjon vert lansert, får han namn etter ein kjend jazzartist. Versjon 1.0 blei kalla opp etter Miles Davis. Duke Ellington blei kreditert 2.0 versjonen. Knappe 30 versjonar er lansert, og den foreløpige siste versjonen, fekk namn etter jazzvokalisten Sarah Vaughan. Om nokre år kan det vere at vår eigen Terje Rypdal får ein versjon kalla opp etter seg.

Kundar som nyttar WordPress
Vi har det siste året levert ei rekke nye nettsider i WordPress. Vi har samla nokre av våre siste referanser her:

Byggfag - www.byggfag.no
Ulsteinmessa - www.ulsteinmessa.no
Regionavisa - www.regionavisa.no
99X.no - www.99x.no
Romega - www.romega.no
Lune hytter - www.lunehytter.no 

Viktige grunnar
Det finns fleire grunnar til å velje WordPress. Her er nokre:

  • Enkelt å bruke
  • Tilleggsprogram for alt
  • Opne kjeldekoder
  • Over 60 million brukarar
  • Open kjeldekode med tusenvis av utviklarar
  • Godt samspel med Facebook og Google

Osberget kan WordPress
Kvar tredje nye nettside i verda brukar bransjestandaren WordPress for å lage nettside. Osberget tilbyr WordPress!

1234...37Neste
Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no