KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Tore Ulstein, visekonsernsjef og styreleiar i Ulstein Group og Ulstein Shipping.
Tore Ulstein, visekonsernsjef og styreleiar i Ulstein Group og Ulstein Shipping.

Blei råda til å ikkje sikte for høgt

Tore Ulstein måtte ha støtteundervisning på skulen. Han åtvarar både skuleverket og idretten mot å «toppe laget» for tidleg.  – Ein uønskt biverknad kan vere at ein mistar flinke folk, seier han.

Denne artikkelen stod i leverandørmagasinet for Hødd, 19. april 2018 og vi gjengir den her. Tekst / Foto: Fantastiske Osberget.

 – Hadde eg ikkje hatt foreldre som var godt skulerte og hadde nok sjølvtillit, kunne ei utsegn om at eg ikkje burde sikte for høgt blitt utslagsgivande, seier han.

Det var i ein foreldresamtale på vidaregåande at mor til Ulstein fekk beskjed om at sonen kanskje ikkje eigna seg for tunge ingeniørstudiar.

 Dei fyrste åra på barneskulen måtte Ulstein ha litt ekstra hjelp. 

– Eg var nok litt seint utvikla. Det var ikkje noko boost for sjølvtilliten å måtte sitte igjen på skulen når dei andre gjekk heim. Det har brent seg fast i minnet mitt, seier han.

Det at læraren hans ikkje trudde på han, stoppa ikkje Ulstein. Han drog til Trondheim for sivilingeniørstudiar og etter kvart doktorgrad. Han fekk også skrive hovudoppgåva si på anerkjente Massachusetts Institute of Technology, før han etter kvart fekk roller i familiekonsernet.

– Viss alle skal pressast gjennom den same trakta, risikerer vi å gå glipp av flinke folk. Den same problemstillinga er også aktuell for idretten. Eg er heilt sikker på at læraren på vidaregåande meinte det godt, men rolla til lærar og trenar er å løfte opp i staden for å dempe, seier han.

Ulstein er ein av hovudtalarane under Leverandørkonferansen. Han vil leggje vekt på å fortelje kva prosessar Ulstein Group, som ein aktør i den maritime klynga, har vore gjennom under oljebremsen.

– Eg har tru på framtida. Den er spanande, men også utfordrande. Utsiktene er gode viss vi klarer å tenke framover og gripe moglegheitene, seier han.

Ulstein tek gjerne ein ny runde i olje- og gassbransjen, men ønsker ikkje å bli like avhengig som dei har vore. Som skipsdesignarar og –byggarar, kjem verftsindustrien seint inn i neste syklus. No begynner reiarlaga som driv med vedlikehald på offshoreinstallasjonar å merke at ratane stig. Men for at båtbyggarane skal merke oppgangen, må fyrst alle båtane som ligg i opplag absorberast av marknaden

– Vi kan ikkje basere oss på å vente på at marknaden kjem tilbake. Så vi må omstille ressursane våre mot nye marknadar og tenke nytt, seier Ulstein.

Havvind og ekspedisjonscruise er to av dei nye beina til Ulstein Group.

– Her kan vi bruke erfaringane vi har frå offshorebransjen til å kome opp med nye og betre løysingar, seier han.

Eit av dei mest spennande prosjekta Ulstein held på med for tida, er leveransen av design- og utstyrspakke til eit skip China Merchants Group skal bygge. I avtalen ligg det også opsjonar på heile ni skip til. Tore Ulstein karakteriserer kontrakten som eit gjennombrot innanfor segmentet ekspedisjonscruise.

Viktig er også avtalen med Lindblad Expeditions/National Geographic om å bygge eit ekspedisjonsfartøy med den berømte skroglinjeforma til Ulstein, ULSTEIN X-BOW.

– National Geographic er eit kjent merkenamn, så det er interessant å komme i inngrep med denne type selskap når det gjeld branding, seier Ulstein.

Som ein del av den maritime klynga står ikkje Ulstein Group åleine. Kunnskapsmiljøa og verksemdene på Sunnmøre samarbeider også om prosjekt som gagnar alle. Ulstein trekker fram «Det digitale havrom». I Breisundet har Statens Vegvesen investert 100 millionar kroner i vindtårn og oseanografiske bøyer. Dei presise målingane kan jamførast med målingar frå skip på testtokt. Bak prosjektet står Runde miljøsenter og NTNU. Ulstein Group er ei av 25 verksemder som er partnarar.

– Det er eit unikt prosjekt. For første gang kan vi samanlikne vêrdata og skipsdata og så sjå korleis båten oppfører seg under ulike forhold, forklarar Ulstein.

At Ulstein Group lenge har støtta Hødd, er ikkje tilfeldig, ifølgje Ulstein. Han har sjølv spelt på Hødd i 12 år, frå han var seks år til han var 18 og senior. Han har også to døtrer som begge er involverte i laget.

– Hødd er utruleg viktig for regionen. Berre sjå kor mykje sjølvtillit regionen fekk etter cupsigeren, seier han.

Hødd er svært gode på aldersbestemte lag og borna får med seg mykje viktig kunnskap, utover fotballferdigheitene, når dei speler på lag, meiner Ulstein.

– Vi lærte om gruppedynamikk lenge før vi visste kva gruppedynamikk var. Eg var keeper og erfarte ofte at tabbane mine resulterte i mål til motstandarane. Det lærte meg å handtere press og forventningar, seier han.

Samhaldet i Hødd var også sterkare enn i andre lag, opplevde Ulstein.

– Mange av laga som ikkje var så samansveisa, begynte å kjefte på kvarandre i motgang. Vi klarte, sjølv når det butta, å spele kvarandre gode. Vi støtta kvarandre.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no