KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Det er ikkje alle sogelag som har ein verdsmeister på framsida av årsskriftet.
Det er ikkje alle sogelag som har ein verdsmeister på framsida av årsskriftet.

Fenomenet Karsten Warholm

Vi let oss begeistre over fenomenet Karsten Warholm. Ein ting er å bli verdsmeister ein gong, men å gjere det på nytt er ein utruleg bragd. Gratulerer med nytt gull! I 2018 skreiv Knut Arne Høyvik ein artikkel for å finne litt meir ut kven guten er.

Saman med  oldefar Karsten Rise.

Knut Arne skriv innleiingsvis – Redaksjonsnemnda i Levd liv ba om ein artikkel om Karsten Warholm i Levd Liv 2018. Ikkje fordi han er historie, men fordi han er historisk. Dette er ein artikkel der vi berre har snakka litt med Karsten, denne artikkelen byggjer ikkje på eit intervju med han, men ved å snakke litt med dei som er nær han for å finne litt meir ut kven guten er.

Lenger ut i boka skriv Knut Arne: – Karsten var ein aktiv gut som likte å springe. Det fortel farmor Kristine Warholm som tolmodig tok tida med ei gamal stoppeklokke dei har. Karsten konkurrerte mot seg sjølv. Han var om lag fire år, og løypa gjekk gjennom gangen inn i stova og ei runde rundt salongbordet. Farmor tok tida, og guten var ikkje heilt nøgd, men la ut på ei ny runde for å forbetre tida frå sist. Konkurranseinstinktet er mest sannsynleg medfødt, det same er pågangsmotet.

Karsten gav seg aldri då heller, og farmor kunne bli litt lei av å ta tider på gutungen. Men i dag er ho berre stolt av guten som har gitt dei så mykje glede.

Om du ynskjer å lese heile artikkelen kan du kjøpe Levd liv 2018 her.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no