KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei i Hødd.
Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei i Hødd.

Frå gul til blå

Om litt over ein månad skal Hødd møte Brattvåg. Til tross for 375 kampar for gulkledde Brattvåg er ikkje dagleg leiar i Hødd, Oddmund Davik Otterlei, i tvil om kva farge han stiller i.

Denne artikkelen stod i leverandørmagasinet for Hødd, 19. april 2018 og vi gjengir den her. Tekst / Foto: Fantastiske Osberget.

– Eg skal sjølvsagt gå med Hødd-pins under kampen. Det er der eg har fokus no. 

– Har du blanda kjensler for kampen?

– Nei, viss Hødd vinn kampen, vil eg glede meg over det. Men det blir heilt klart spesielt.

– Visste du at du ville møte gamleklubben då du signerte med Hødd?

– Det låg i korta. Brattvåg låg godt an, så det var ikkje uventa. Det blir ein spennande kamp. Dei har hatt lite utskiftingar og god kontinuitet, så eg trur dei havnar på øvre halvdel av tabellen.

– Kva med Hødd, då. Når er dei tilbake i OBOS-ligaen?

– Eg trur at vi spelar jubileumssesongen – 2019 – i OBOS-ligaen. I fjor var vi ikkje godt nok budde på det tøffe nivået her nede. No veit vi kva vi møter og er klare.

– Finst det ein eigen Hødd-mentalitet?

– Ja, hardt arbeid og flinke folk som gjer det beste ut frå dei føresetnadene ein har. Det er eit stort engasjement rundt klubben og det er vi glade for.

– Du har ein lang karriere bak deg i skuleverket. Kva tek du med deg derifrå inn i idretten?

– I begge yrka handlar det om å legge til rette for å få ut det beste i kvar enkelt. For mange som slit i skulen kan idretten og andre fritidsaktivitetar vere ein arena der dei kan utfalde seg, ha det sosialt og kjekt.

– Ulstein-topp Tore Ulstein fortel til Leverandørmagasinet at han måtte ha støtteundervisning på barneskulen. I dag er han ein vidgjeten næringslivsleiar. Kva kan vi lære av slike historier?

– Det viser at det ikkje nødvendigvis er dei som er flinkast tidleg som blir best. Vi må prøve å ta vare på flest mogleg, så lenge som mogleg slik at alle kan utvikle seg, både i fotballen og i skuleverket. Mange som har det vanskeleg på skulen klarer å vekse på det.

– Du blir skildra som ein fotball-nerd. Har dei rett i det?

– Ja, det kan du godt kalle meg. Særleg er eg oppteken av alt som skjer i det engelske ligasystemet. Når sjansen byr seg, reiser eg over for å sjå flest mogleg kampar. Draumen er å sjå fotball på alle dei 92 stadiona. Til no har eg vore på 30. Frå kvart besøk tek eg med meg eit krus og gjerne andre suvenirar.

– Eg høyrer at det er i dei kaffien blir servert heime hos dykk. Eg tippar det er mange fotballglade menn der ute som lurer på korleis du har klart å få kona med på det.

– Nei, sei det. Ho er ei flott og tålmodig dame. Eg får til og med lov å servere i dei når svigermor kjem på besøk.

– Så kva er yndlingskruset ditt?

– Chesterfield. Det er både fint å sjå på og godt å drikke av. Begge gongane eg har vore der, rykte laget opp. No slit dei dessverre og står i fare for å ryke ut av heile ligasystemet. Dei einaste norske krusa eg har, er frå Hødd og Brattvåg.

– Har du merka ei ekstra interesse for Hødd etter at NRK-serien «Heimebane» begynte?

– Ja, det har vore mykje fokus på klubben og serien. Det er veldig mange som pratar om det. Eg var i Wien i påska, og der var Heimebane eit tema blant nordmennene eg traff. Det var artig.

– Har du noko til felles med dagleg leiar i Varg, Espen Eide?

– Haha, nei. Her i Hødd er det sportssjef André Nevstad som får kommentarane om at han liknar.

– Kunne du tenke deg å tilsette ei kvinne som trenar?

– Ja, det er ikkje så lenge sidan eg tilsette ei kvinne for rekrutt damer. Det hadde vore innovativt å få ei kvinne som hovudtrenar. Finn vi den rette trenaren, er ikkje kjønn viktig. 

– Du bur framleis i Brattvåg. Det blir lange bilturar til og frå jobb. Kva høyrer du på i bilen?

– Eg disponerer heldigvis ei leilegheit Ulsteinvik, så eg kan overnatte. Når eg køyrer, prøver eg å legge inn eit par telefonsamtalar for å vere effektiv. Elles går det mykje i radio.

– Har du andre hobbyar enn fotball?

– Alle dei tre ungane mine er veldig aktive og spelar både fotball og handball, så det går mykje tid med til det. Eg prøvar å vere sosial med kompisar, men det blir ikkje så ofte.

– Viss eg spør kona om kva du ikkje er god på, kva svarer ho då?

– Sikkert ein del huslege ting. Eg er ikkje så god til å rydde og plukke opp etter meg. Eg likar å lage mat, men er ikkje så flink til å vaske opp.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no