KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Frå venstre: Lokalhistorikar Aksel Hauge, kreativ medarbeidar Rakel Ellingsen og dagleg leiar Magne Grimstad jr. med det første eksemplaret av Julestjerna.
Frå venstre: Lokalhistorikar Aksel Hauge, kreativ medarbeidar Rakel Ellingsen og dagleg leiar Magne Grimstad jr. med det første eksemplaret av Julestjerna.

Julehefte for Ulstein

Julestjerna er så vidt vi kjenner til det første juleheftet som er laga der innhald og skribentar er frå bygdene her i Ulstein, seier utgjevar Magne Grimstad jr. i Osberget. Julestjerna er eit hefte med mange og ulike fortellingar.

I samarbeid med lokalhistorikar Aksel Hauge har Osberget laga eit vakkert og innhaldsrikt julehefte etter inspirasjon frå Herborg Kråkevik og hennar julehefte Juleroser. – Eg trur ikkje det er mange som kjenner til at Ulstein hadde ei julegryte der pengane som kom inn skulle gå til julefeiring for dei trengande i Ulstein, seier Aksel Hauge. Meir om dette og bilde av julegryta kan du lese om i juleheftet.

Heftet har fått namnet Julestjerna. Namnet er henta frå julestjerna som lyser over Ulsteinvik kvar jul. – Vi ynskjer at julemagasinet Julestjerna skal bli eit felleseige og lyse opp i juletida på lik linje med julestjerna, seier Grimstad. Innhaldet i Julestjerna er i hovudsak artiklar frå tidlegare utgjevingar ved Osberget. Det er fortellingar, dikt, songar eller foredrag som tidlegare er gitt ut eller framført. Vi kan bl.a lese om julefestane i Hasund og Dimna, julegryta, juleskikkar, jordmor Oddny Holte, mjølsekken og eit dikt om gardsvorden (nissen). Dagfinn Olav Bye har skrive ned eit foredrag han har hatt om jul og juletradisjonar. Her kan du lese at mange strødde halm på golvet i stova, fordi menneska ikkje skulle ha det betre enn frelsaren. Også dei underjordiske måtte ha sitt julekvelden. Mellom anna sette ein ut graut til nissen.

Med gjenbruk av tekstar så held heftet seg til god juletradisjon der vi syng dei gode gamle julesongane, et den tradisjonelle julematen og les dei same fortellingane. For dei fleste fortellingane står teksta åleine og bilda kjem til slutt i fortellinga.

Julestjerna takkar alle bidragsytarane som har vore rause og delt sine fortellingar. På den måten lever historiene vidare. Juleheftet er å få kjøpt hos dei lokale bokhandlarane og på Rema.

Du kan kjøpe juleheftet hos Nordli på Amfi eller Notabene på Blåhuset. Juleheftet er også å få kjøpt hos Osberget og på vår nettbutikk.

Nokre bilde frå utvalte artiklar:

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no