KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Nokre av den kreative gjengen som er samla på Geileneset.
Nokre av den kreative gjengen som er samla på Geileneset.

Kreativt fellesskap slår gnistrar på Geileneset

I store, opne lokale på Geileneset i Ulsteinvik har det samla seg ein gjeng med kreative utøvarar. Her nyt dei den sjønære utsikta - med vindauge som strekk seg frå golv til tak. Kanskje er det nærleiken til havet som har tiltrekt seg så mange kreative sjeler frå ulike fagområder? Uansett oppstår det ein vakker symbiose når mange kreative krefter er samla på ein stad.

På bildet ser du framme frå venstre Per Eide (Per Eide Studio), Håkon Brandal, Rakel Ellingsen (begge Fantastiske Osberget) og Cecilie Hatløy (Fotograf Cecilie Hatløy). Bak frå venstre Magne Grimstad jr., Synne Øye Myrvold og Åge Grimstad (alle Fantastiske Osberget). Ikkje alle våre medarbeidarar er med på bilde, bl.a manglar Hildegunn Welle og Stine Johnsen manglar på bilde. I bakgrunnen skimtar du den nesten trolske stemninga - eit krydder for inspirasjon og skaparglede. Det smakar! Det er ikkje mørkt, det er dunkelt og blått. Det er ikkje jobb, det er glede og samspel.

Fellesskapet på Geileneset kan hjelpe deg med blant anna film, nettside, foto og trykk. Dei spelar på kvarandre sine styrker og eigenskapar, og saman med andre kreative er det enklare å utveksle idear og å samarbeide om prosjekt.

Gjengen på Geileneset lovar at om du tek turen innom, byr dei på kaffi og eit smil. Trivselen kjenner du når du går inn døra. Fellesskapet har mykje å by på til ein kvar besøkande, og kanskje legg de saman ut på ei kreativ reise – kort eller lang, lita eller stor. Men alltid mot noko nytt og spennande.

Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no