KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Sunnmøre Folkehøgskule og Øystein Vegge er særs nøgde med å bruke WordPress for sine nettsider.
Sunnmøre Folkehøgskule og Øystein Vegge er særs nøgde med å bruke WordPress for sine nettsider.

WordPress er enkelt å bruke

Kvar tredje ny nettside nyttar WordPress, og på verdsbasis nyttar over 60 millionar publiseringsløysinga. WordPress med opne kjeldekodar og eit utal av utviklarar har dei siste åra blitt ein stor suksess. Osberget opplever ein auka etterspørsel etter publiseringsverktøyet og har etablert god kunnskap til verktøyet.

Osberget leverer nettsider med publiseringsverktøyet WordPress. Vi har opparbeidd god kunnskap og kjennskap til verktøyet og leverer skreddarsydde løysingar til våre kundar. I løpet av det siste året har vi hatt eit titals kundar som vi har levert WordPress til bl.a Byggfag, 99X.NO og Landsbyen Larsnes.

Frå blogg til nettsdier
Historia om WordPress tok til i 2003. Det året utvikla to kompisar, Matt Mullenweg og Mike Little, verdas mest nytta publiseringsløysing. Den gongen var dei to venene berre 19 år gamle, og det var venninna Christine Selleck som gav namn til verdssuksessen. Dei første åra var WordPress mest brukt for å lage blogg. Det er det framleis også, men dei siste åra nyttar fleire og fleire bedrifter WordPress. Nokre store aktørar i Norge som nyttar WordPress, er Brønnøysundregistrene, Grieg-gruppen, Norad og Glasmagasinet.

Hentar inspirasjon frå jazzverda
WordPress hentar inspirasjon frå jazzverda, og kvar gong ein ny versjon vert lansert, får han namn etter ein kjend jazzartist. Versjon 1.0 blei kalla opp etter Miles Davis. Duke Ellington blei kreditert 2.0 versjonen. Knappe 30 versjonar er lansert, og den foreløpige siste versjonen, fekk namn etter jazzvokalisten Sarah Vaughan. Om nokre år kan det vere at vår eigen Terje Rypdal får ein versjon kalla opp etter seg.

Kundar som nyttar WordPress
Vi har det siste året levert ei rekke nye nettsider i WordPress. Vi har samla nokre av våre siste referanser her:

Byggfag - www.byggfag.no
Ulsteinmessa - www.ulsteinmessa.no
Regionavisa - www.regionavisa.no
99X.no - www.99x.no
Romega - www.romega.no
Lune hytter - www.lunehytter.no 

Viktige grunnar
Det finns fleire grunnar til å velje WordPress. Her er nokre:

  • Enkelt å bruke
  • Tilleggsprogram for alt
  • Opne kjeldekoder
  • Over 60 million brukarar
  • Open kjeldekode med tusenvis av utviklarar
  • Godt samspel med Facebook og Google

Osberget kan WordPress
Kvar tredje nye nettside i verda brukar bransjestandaren WordPress for å lage nettside. Osberget tilbyr WordPress!

Tore Ulstein, visekonsernsjef og styreleiar i Ulstein Group og Ulstein Shipping.
Tore Ulstein, visekonsernsjef og styreleiar i Ulstein Group og Ulstein Shipping.

Blei råda til å ikkje sikte for høgt

Tore Ulstein måtte ha støtteundervisning på skulen. Han åtvarar både skuleverket og idretten mot å «toppe laget» for tidleg.  – Ein uønskt biverknad kan vere at ein mistar flinke folk, seier han.

Denne artikkelen stod i leverandørmagasinet for Hødd, 19. april 2018 og vi gjengir den her. Tekst / Foto: Fantastiske Osberget.

 – Hadde eg ikkje hatt foreldre som var godt skulerte og hadde nok sjølvtillit, kunne ei utsegn om at eg ikkje burde sikte for høgt blitt utslagsgivande, seier han.

Det var i ein foreldresamtale på vidaregåande at mor til Ulstein fekk beskjed om at sonen kanskje ikkje eigna seg for tunge ingeniørstudiar.

 Dei fyrste åra på barneskulen måtte Ulstein ha litt ekstra hjelp. 

– Eg var nok litt seint utvikla. Det var ikkje noko boost for sjølvtilliten å måtte sitte igjen på skulen når dei andre gjekk heim. Det har brent seg fast i minnet mitt, seier han.

Det at læraren hans ikkje trudde på han, stoppa ikkje Ulstein. Han drog til Trondheim for sivilingeniørstudiar og etter kvart doktorgrad. Han fekk også skrive hovudoppgåva si på anerkjente Massachusetts Institute of Technology, før han etter kvart fekk roller i familiekonsernet.

– Viss alle skal pressast gjennom den same trakta, risikerer vi å gå glipp av flinke folk. Den same problemstillinga er også aktuell for idretten. Eg er heilt sikker på at læraren på vidaregåande meinte det godt, men rolla til lærar og trenar er å løfte opp i staden for å dempe, seier han.

Ulstein er ein av hovudtalarane under Leverandørkonferansen. Han vil leggje vekt på å fortelje kva prosessar Ulstein Group, som ein aktør i den maritime klynga, har vore gjennom under oljebremsen.

– Eg har tru på framtida. Den er spanande, men også utfordrande. Utsiktene er gode viss vi klarer å tenke framover og gripe moglegheitene, seier han.

Ulstein tek gjerne ein ny runde i olje- og gassbransjen, men ønsker ikkje å bli like avhengig som dei har vore. Som skipsdesignarar og –byggarar, kjem verftsindustrien seint inn i neste syklus. No begynner reiarlaga som driv med vedlikehald på offshoreinstallasjonar å merke at ratane stig. Men for at båtbyggarane skal merke oppgangen, må fyrst alle båtane som ligg i opplag absorberast av marknaden

– Vi kan ikkje basere oss på å vente på at marknaden kjem tilbake. Så vi må omstille ressursane våre mot nye marknadar og tenke nytt, seier Ulstein.

Havvind og ekspedisjonscruise er to av dei nye beina til Ulstein Group.

– Her kan vi bruke erfaringane vi har frå offshorebransjen til å kome opp med nye og betre løysingar, seier han.

Eit av dei mest spennande prosjekta Ulstein held på med for tida, er leveransen av design- og utstyrspakke til eit skip China Merchants Group skal bygge. I avtalen ligg det også opsjonar på heile ni skip til. Tore Ulstein karakteriserer kontrakten som eit gjennombrot innanfor segmentet ekspedisjonscruise.

Viktig er også avtalen med Lindblad Expeditions/National Geographic om å bygge eit ekspedisjonsfartøy med den berømte skroglinjeforma til Ulstein, ULSTEIN X-BOW.

– National Geographic er eit kjent merkenamn, så det er interessant å komme i inngrep med denne type selskap når det gjeld branding, seier Ulstein.

Som ein del av den maritime klynga står ikkje Ulstein Group åleine. Kunnskapsmiljøa og verksemdene på Sunnmøre samarbeider også om prosjekt som gagnar alle. Ulstein trekker fram «Det digitale havrom». I Breisundet har Statens Vegvesen investert 100 millionar kroner i vindtårn og oseanografiske bøyer. Dei presise målingane kan jamførast med målingar frå skip på testtokt. Bak prosjektet står Runde miljøsenter og NTNU. Ulstein Group er ei av 25 verksemder som er partnarar.

– Det er eit unikt prosjekt. For første gang kan vi samanlikne vêrdata og skipsdata og så sjå korleis båten oppfører seg under ulike forhold, forklarar Ulstein.

At Ulstein Group lenge har støtta Hødd, er ikkje tilfeldig, ifølgje Ulstein. Han har sjølv spelt på Hødd i 12 år, frå han var seks år til han var 18 og senior. Han har også to døtrer som begge er involverte i laget.

– Hødd er utruleg viktig for regionen. Berre sjå kor mykje sjølvtillit regionen fekk etter cupsigeren, seier han.

Hødd er svært gode på aldersbestemte lag og borna får med seg mykje viktig kunnskap, utover fotballferdigheitene, når dei speler på lag, meiner Ulstein.

– Vi lærte om gruppedynamikk lenge før vi visste kva gruppedynamikk var. Eg var keeper og erfarte ofte at tabbane mine resulterte i mål til motstandarane. Det lærte meg å handtere press og forventningar, seier han.

Samhaldet i Hødd var også sterkare enn i andre lag, opplevde Ulstein.

– Mange av laga som ikkje var så samansveisa, begynte å kjefte på kvarandre i motgang. Vi klarte, sjølv når det butta, å spele kvarandre gode. Vi støtta kvarandre.

Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei i Hødd.
Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei i Hødd.

Frå gul til blå

Om litt over ein månad skal Hødd møte Brattvåg. Til tross for 375 kampar for gulkledde Brattvåg er ikkje dagleg leiar i Hødd, Oddmund Davik Otterlei, i tvil om kva farge han stiller i.

Denne artikkelen stod i leverandørmagasinet for Hødd, 19. april 2018 og vi gjengir den her. Tekst / Foto: Fantastiske Osberget.

– Eg skal sjølvsagt gå med Hødd-pins under kampen. Det er der eg har fokus no. 

– Har du blanda kjensler for kampen?

– Nei, viss Hødd vinn kampen, vil eg glede meg over det. Men det blir heilt klart spesielt.

– Visste du at du ville møte gamleklubben då du signerte med Hødd?

– Det låg i korta. Brattvåg låg godt an, så det var ikkje uventa. Det blir ein spennande kamp. Dei har hatt lite utskiftingar og god kontinuitet, så eg trur dei havnar på øvre halvdel av tabellen.

– Kva med Hødd, då. Når er dei tilbake i OBOS-ligaen?

– Eg trur at vi spelar jubileumssesongen – 2019 – i OBOS-ligaen. I fjor var vi ikkje godt nok budde på det tøffe nivået her nede. No veit vi kva vi møter og er klare.

– Finst det ein eigen Hødd-mentalitet?

– Ja, hardt arbeid og flinke folk som gjer det beste ut frå dei føresetnadene ein har. Det er eit stort engasjement rundt klubben og det er vi glade for.

– Du har ein lang karriere bak deg i skuleverket. Kva tek du med deg derifrå inn i idretten?

– I begge yrka handlar det om å legge til rette for å få ut det beste i kvar enkelt. For mange som slit i skulen kan idretten og andre fritidsaktivitetar vere ein arena der dei kan utfalde seg, ha det sosialt og kjekt.

– Ulstein-topp Tore Ulstein fortel til Leverandørmagasinet at han måtte ha støtteundervisning på barneskulen. I dag er han ein vidgjeten næringslivsleiar. Kva kan vi lære av slike historier?

– Det viser at det ikkje nødvendigvis er dei som er flinkast tidleg som blir best. Vi må prøve å ta vare på flest mogleg, så lenge som mogleg slik at alle kan utvikle seg, både i fotballen og i skuleverket. Mange som har det vanskeleg på skulen klarer å vekse på det.

– Du blir skildra som ein fotball-nerd. Har dei rett i det?

– Ja, det kan du godt kalle meg. Særleg er eg oppteken av alt som skjer i det engelske ligasystemet. Når sjansen byr seg, reiser eg over for å sjå flest mogleg kampar. Draumen er å sjå fotball på alle dei 92 stadiona. Til no har eg vore på 30. Frå kvart besøk tek eg med meg eit krus og gjerne andre suvenirar.

– Eg høyrer at det er i dei kaffien blir servert heime hos dykk. Eg tippar det er mange fotballglade menn der ute som lurer på korleis du har klart å få kona med på det.

– Nei, sei det. Ho er ei flott og tålmodig dame. Eg får til og med lov å servere i dei når svigermor kjem på besøk.

– Så kva er yndlingskruset ditt?

– Chesterfield. Det er både fint å sjå på og godt å drikke av. Begge gongane eg har vore der, rykte laget opp. No slit dei dessverre og står i fare for å ryke ut av heile ligasystemet. Dei einaste norske krusa eg har, er frå Hødd og Brattvåg.

– Har du merka ei ekstra interesse for Hødd etter at NRK-serien «Heimebane» begynte?

– Ja, det har vore mykje fokus på klubben og serien. Det er veldig mange som pratar om det. Eg var i Wien i påska, og der var Heimebane eit tema blant nordmennene eg traff. Det var artig.

– Har du noko til felles med dagleg leiar i Varg, Espen Eide?

– Haha, nei. Her i Hødd er det sportssjef André Nevstad som får kommentarane om at han liknar.

– Kunne du tenke deg å tilsette ei kvinne som trenar?

– Ja, det er ikkje så lenge sidan eg tilsette ei kvinne for rekrutt damer. Det hadde vore innovativt å få ei kvinne som hovudtrenar. Finn vi den rette trenaren, er ikkje kjønn viktig. 

– Du bur framleis i Brattvåg. Det blir lange bilturar til og frå jobb. Kva høyrer du på i bilen?

– Eg disponerer heldigvis ei leilegheit Ulsteinvik, så eg kan overnatte. Når eg køyrer, prøver eg å legge inn eit par telefonsamtalar for å vere effektiv. Elles går det mykje i radio.

– Har du andre hobbyar enn fotball?

– Alle dei tre ungane mine er veldig aktive og spelar både fotball og handball, så det går mykje tid med til det. Eg prøvar å vere sosial med kompisar, men det blir ikkje så ofte.

– Viss eg spør kona om kva du ikkje er god på, kva svarer ho då?

– Sikkert ein del huslege ting. Eg er ikkje så god til å rydde og plukke opp etter meg. Eg likar å lage mat, men er ikkje så flink til å vaske opp.

Dagleg leiar Tone Fondevik i 99X.no.
Dagleg leiar Tone Fondevik i 99X.no.

Tidobla omsetninga på ti år

99X har i løpet av ti år vakse frå ei lita konsulent-avdeling til ein outsourcingaktør på den nordiske marknaden. Selskapet har i løpet av desse ti åra tidobla omsetninga.

I dag har selskapet 110 tilsette som ser til at 15.000 brukarar fordelt på 750 lokasjonar har tilgang og kontroll på tenester knytt til data. Selskapet reknar med ein omsetningsvekst på vel 15 prosent det siste året.

Selskapet har i det siste signert driftskontraktar med nye kundar som Oslo kommune Boligbygg, Selvaag Bolig, Selvaag Prosjekt, Halden kommune og Aremark kommune.

99X.no ynskte sjølv å drifte nettsidene, og har oppretta eigen server for nettsidene sine. Målsettinga er å kunne betjene fleire nettsider i framtida.

99X.no nyttar WordPress som publiseringsverktøy for sine nettsider. Osberget har bistått selskapet med oppsett av teneste og oppsett av server. Selskapet er lokalisert i Oslo med utviklingsavdeling på Sri Lanka.

Produktkatalog 2018.
Produktkatalog 2018.

Produktkatalog 2018

Katalogen viser våre tenester knytt til nettside. Vi har god kunnskap om mulegheitene publiserings­løysinga WordPress gir for design og funksjonalitet.

Vår visjon er å ha “fantastisk glade kundar”, og vi vil arbeide for å levere profesjonelle nettsider til bedrifter og verksemder.

Sjå produktkatalogen her.

Innhald
Osberget + WordPress = Sant
Din viktigaste kommunikasjonskanal
Vi følgjer kundane våre tett
Osberget driftar fleire hundre nettsider
WordPress er bransjestandard
Kvifor er WordPress så populært?
Tilpass nettsidene dine for mobil
Sosiale media
Kven besøkjer nettsidene dine?
Få fleire kundar med nyheitsbrev
Ten pengar med nettbutikk
Lokal serverteneste
Osberget leverer full pakke

Kundeportefølje
Byggfag
99X
Ulsmo
Ulstein Arena
Sana Oris
Sunnmøre Folkehøgskule
Abdi & Aske

Forhånd.12345...37Neste
Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no