KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


WordPress er blitt bransjestandard.
WordPress er blitt bransjestandard.

WordPress er bransjestandard

Innan kontorverda er Word og Excel bransjestandard.

Innan publiseringsverktøy for nettsider er det mange aktørar. Det finns fleire tusen ulike verktøy, og prinsippa er like. Men ingen har teke eller fått ei leiande rolle før dei siste åra. I dag er WordPress blitt bransjestandard.

Nesten 40 prosent av alle nye nettsider brukar WordPress, og talet er veksande. Osberget har etablert god kunnskap om verktøyet.

Nokre av våre WordPress referanser
Ulstein nye kyrkje - http://www.ulsteinnyekyrkje.no
Kong Arthur spelet - http://www.kong-arthur-spelet.no 
Invisible Connections - http://www.invisibleconnections.no 
Ulstein KFUK - KFUM - http://www.ulsteinkm.no 
Sunnmøre Folkehøgskule - http://www.sufh.no
Nordvest Miljø - http://www.nvm.no 
Trygve Andersen – http://www.trygveandersen.no 
Opplæringskontoret i Sør-Fosen - http://www.oksf.no
Byggtorget Herøy - http://www.byggtorgetheroy.no
Byggtorget Digernes - http://www.byggtorgetdigernes.no
Lillian Kleven Breivik, regionbanksjef for personmarknaden, er oppteken av at kvinner må få ein god pensjon.
Lillian Kleven Breivik, regionbanksjef for personmarknaden, er oppteken av at kvinner må få ein god pensjon.

- Eg oppfordrar 
spesielt
kvinner til å tenke på pensjonen

Lillian Kleven Breivik er regionbanksjef i SpareBank1 Søre Sunnmøre med resultat- og personalansvar for ytre søre-kontora i Ulsteinvik og Fosnavåg. - Det er ein krevjande jobb, seier ho. Eg skal vere både her og der, og det siste året har vi bemanna opp med mange nye medarbeidarar, og det har teke tid og ressursar. Heldigvis likar eg å jobbe med folk, og då blir alt enklare.

Lillian har arbeidd i banken i ti år, først som marknadssjef og tenkte i starten at ho ikkje blei verande så lenge i dette yrket.

— Men bank er veldig spennande. Det er ein bransje i stadig endring, og ikkje minst opplever eg at SpareBank1 satsar sterkt, seier Lillian.  I Volda og Ørsta har banken om lag 60 prosent av marknaden. På ytre søre har vi 10-15 prosent. Ved å vere til stades lokalt håper vi å doble marknadsdelen dei neste åra. Det skal vi mellom anna gjere ved å knytte til oss dyktige fagfolk slik at vi kan yte kunden god fagkompetanse

Verfta omstiller seg
I løpet av intervjuet stikk administrerande direktør i SpareBank1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, innom og blir med vidare i intervjuet. Vi går rett på sak og meddeler at mange er uroa over offshorenæringa i regionen. Blir det bygd fleire offshore-skip på ytre søre?

— Offshorenæringa har vore gjennom ei knalltøff omstilling, frå å bygge offshoretartøy til å bygge andre typar skip. Det vere seg fiskebåtar, hurtigruter, cruiseskip, kystvaktskip, ferjer, luksusyacht og spesialfartøy. Her har designselskap og leverandørindustrien vore gjennom ei formidabel omstilling. Kostnadsnivået i offshorenæringa er kraftig redusert og tilpassa ein ny situasjon. Vi ser no at miljøteknologi er på full veg inn i næringa. Elektrisk og hybrid teknologi er framtida, seier Stig og held fram:

— Det er i dag for mange offshorefartøy tilgjengeleg, og derfor er ratane så låge at offshore-reiarlaga knapt har pengar til å betale rente på låna sine. Dei fleste reiarlaga har forhandla seg fram til avtaler med bankar og obligasjons-eigarar om ein tilnærma avdragsfri periode fram til 2020-2021, i håp om at marknaden skal bli betre. Det vil nok ta eit til tre år med skroting og utfasing av skip før marknaden betrar seg, og vi kan vente ein oppgang i ratane. Mange av offshorefartøya står framfor klassing (godkjenning). Dette er kostbart, ja, kanskje rundt 15 millionar kroner per båt. Det er grunn til å tru at mange av dei eldre fartøya ikkje vil bli klassa. Dette vil over tid redusere overkapasiteten i marknaden. Det vil heller ikkje bli bygd nye offshorefartøy på mange år, unntaken kan vere eit og anna spesialskip. Verfta må derfor basere drifta på andre type fartøy i åra framover.

Oljepris på 60 dollar fatet
Sidan offshorenæringa er nært knytt opp til oljeprisen, spør vi Brautaset om kva han tenker om oljeprisen framover?

— Oljeprisen har gått frå 115 dollar fatet i 2014 til om lag 60 dollar i dag. På det lågaste var han under 30 dollar. I dei seinare åra har USA gått frå å vere verdas største importør av olje til å bli sjølvforsynt. OPEC har ikkje same makta som tidlegare, og det har blitt ein tøffere kamp om marknaddelar mellom oljeproduserande land. Vi trur oljeprisen vil ligge på rundt dagens nivå dei nærmaste to åra, men dette er vanskeleg å spå. Men, som fylgje av kraftige kostnadsreduksjonar i offshorenæringa, kan ein godt leve med dagens oljeprisnivå. Aktørane har tilpassa seg.

Sterk vekst innan tursime
Euroen ligg på om lag 9,5 kroner og dollaren på 8,1. Kva vil ein høg euro og dollar seie for Norge, Lillian?

— Krona har vore relativ svak. Dette er positivt for eksportmarknaden, og norsk næringsliv har tent på den svake kronekursen. Det blir dyrare å kome til Norge, men turistnæringa opplever ein vekst som kjem frå ei stadig rikare verdsbefolkning.

Stig skyt inn: ­ — Utfordringane Norge står framfor, er å skape lønnsemd, og at turistane er villige til å betale for opplevingar og infrastruktur som gjer opphaldet til ei positiv oppleving.

Uroa for auke i forbrukslån
Norges Bank har sett styringsrenta til 0,5 prosent. Trur du vi vil sjå 0-talet, Lillian?

— Null-talet vil vi nok ikkje sjå. Prognosane viser at renta skal opp, men det vil først skje om eit til to år. Det som uroar oss i banken mest, er ein kraftig auke i forbrukslån der aktørar vi ikkje tenker på som tradisjonelle låneinstitusjonar og som ikkje har same restriksjonar som bankane, er dei største pådrivarane for denne typen lån. Slik som  mellom anna Norwegian og Komplett. Finanstilsynet melder at denne typen lån er oppe i ein årsvekst på 16 prosent .

Stig er til liks med Lillian sterkt uroa over auken i forbrukslån.

— Rentesatsen er slik at eit forbrukslån på 500 000 kroner er det same som å betjene eit bustadlån på fem millionar kroner. Og det er mogleg å få opp til to millionar kroner i forbrukslån i løpet av ein dag utan at nokon kontrollerer eller sjekkar lånetakaren. Vi opplever stadig oftare at kundane våre kjem i økonomisk uføre etter å ha teke opp denne typen lån. Vårt råd er å vere forsiktig med forbrukslån og kredittkortlån, og vere tidleg i kontakt med banken din om du har problem med veksande forbruksgjeld.

Optimistisk på vegner av næringslivet
Det blei spådd at 2017 blei tøft og at ei snuing først ville kome mot slutten av året. Andre meiner 2018 blir tøft, og det er først i 2019 det snur. Kva trur banken?

— Bilde er mykje meir nyansert og fragmentert, seier Stig. I Ørsta- og Volda-regionen er arbeidsløysa nede på eit par prosent, mens ho i ytre region er oppe i 4-5 prosent. Dette betyr trass alt at folk flest er i arbeid og får løna si som normalt. Mykje går bra sjølv om det både er og har vore store utfordringar i offshorenæringa. Tradisjonell industri går bra, likeeins fiskeri og oppdrett. Dette er viktig å få med seg. Så skal vi også sjå på offshorekrisa som eit bidrag til å få til ei naudsynt omstilling i næringa, som ville ha kome uansett. No gjeld det å gripe høvet til å bli leiande på miljøvennlege fartøy. Her ser eg store moglegheiter for verfts- og leverandørindustrien på Sunnmøre.

Husk å tenk på pensjonen din
Frå 1. november er det innført ei ny ordning for skattefavorisert individuell pensjonssparing. Kva betyr dette?  Er det ikkje nok med folketrygda?

— Om du sjekkar kva du vil få i pensjon via folketrygda, trur eg mange vil bli negativt overraska, seier Lillian. I dag er dei fleste mindre flinke til å spare til pensjon, og mange har høg gjeld når dei går ut i pensjonisttilværet. Dette er ei attraktiv pensjonssparing med makstak på 40 000 kroner i året med eit skattefrådrag på 24 prosent eller maks 9 600 kroner. Eg vil oppfordre damer til å vere ekstra obs på pensjonen. Framleis er det slik at mange damer kjem seinare ut i arbeid, har mindre opptent pensjonspoeng, og mange jobbar deltid. Nesten havparten av kvinner i Ulstein arbeidar deltid. Dette betyr at mange kvinner kjem dårleg ut med eigen pensjon, og eg oppfordrar kvinner til å ta sine førehandsregle. Det er enkelt å sjekke kva du får i pensjon om du går inn på nettsida til Norsk Pensjon.

Overteikning på 50 prosent
Banken inviterte i haust folk til aksjeutviding. Korleis blei resultatet?

— Volda og Ørsta Sparebank har i 164 år vore eigd av innskytarane, seier Stig. I haust inviterte banken ei ny eigargruppe til å teikne eigenaksjekapital-bevis. Banken opplevde ein enorm respons med overteikning på femti prosent og 360 bedrifter, og privatpersonar som teikna seg for over 100 millionar kroner. Dette blei gjort for å styrke banken sin soliditet og for i endå sterkare grad satse på ytre søre Sunnmøre.

Ein region i vekst
Begge to synest det er spennande å arbeide innan banknæringa. Ikkje minst er det ein spennande region som har ei stor framtid framfor seg. - Vi trur regionen vil oppleve ein vekst framover. Derfor satsar vi lokalt, og derfor knyter vi til oss medarbeidarar som kjenner folket og marknaden på Sunnmøre, avsluttar Lillian og Stig optimistisk.

Faksimile (t.v.) frå Vikebladet/Vestposten tirsdag 9. januar
Faksimile (t.v.) frå Vikebladet/Vestposten tirsdag 9. januar

Godt nyttår

Fantastiske Osberget vil ynskje alle saman eit godt nyttår. 2017 har vore eit utfordrande år for regionen vår, og vi håper og trur at optimismen kjem i 2018.

"- Eg vil så gjerne takke for at stjerna over Osberget vert tent år etter år! Den gir håp og glede framfor den store høgtida. Når den vert sløkt går vi lysare tider i møte. La oss ta vare på alt det positive vi kan glede oss over Ulsteinsamfunnet" skriv ein takksam innbyggjar.

Stjerna har vore tent i fem år. Ho vert tent første søndag i advent og sløkt trettande dag jul. Ho vil på nytt skine over byda vår søndag 2. desember. 

No gler vi oss det same som takksam innbyggar skriv: Vi går mot lysare tider og er takknemlig for alt vi har fått til i Ulsteinsamfunnet.!

Barnesko fint stilt opp utanfor klasseromet.
Barnesko fint stilt opp utanfor klasseromet.

Share the goodness of Kilimanjaro

Bethel Pre- and Primary School ligger plassert i Himo, en liten by ved foten av Kilimanjaro. Skolen har til sammen 500 skoleelever (1.-6. klasse) og 150 barnehagebarn. Med svært få ressurser står lærerne på for å sikre at alle elevene, også de aller fattigste, får en likeverdig skolegang.

Arbeider for nytt bibliotek
Skolebøker er svært dyrt, og tre og tre elever må derfor dele på ei lærebok. Lærerne har verken data, bildeplansjer eller andre hjelpemidler til bruk i undervisningen. Kritt og tavle er det viktigste redskapet og det blir mye tavleundervisning. Skolen har heller ingen bibliotek og mangler barnelitteratur, faktabøker, leksikon osv. Dette er sårt savnet, og rektor håper en dag å få finansiert et lite bygg som kan fylles med bøker. Om elevene skal bli gode å lese, må de ha noe i lese i.

Et godt rykte
I Tanzania finnes ingen norsk lærernorm som sier at det bare skal være 16 til 20 elever i klasserommet. Her kan en telle så mange som 89 elever i ett klasserom! Elevene sitter tett i tett på trebenkene. Rektor skulle så gjerne hatt plass til flere. Skolen har et godt rykte og oppnår gode resultat til tross for få ressurser. Foreldre står i kø for å få barna sine inn. Selv om alle klasserommene er helt fulle, sitter elevene rolige og konsentrerte og gir uttrykk for å trives på skolen. Når det er skoleferie, hender det at noen av elevene møter opp foran skoleporten og håper på at skolen skal være åpen. For dem er skolen en trygg og god plass å være og et sted de får mat, og ikke minst en vei ut av fattigdommen.

Utdanning til de fattigste barna
Ekteparet Neema Alex (rektor) og Godbless Mamkwe driver og eier skolen. Begge er født og oppvokst i området. Skolen er privat, det vil si at foreldrene må betale for skolegangen til barna. Men ikke alle barn har foreldre som har råd til å betale for skolegang og noen har ikke foreldre. I 2009 tok Neema og Godbless og åpnet opp hjemmet sitt for tre foreldreløse barn. For hvert år har de tatt imot flere og flere barn og det ble trangere og trangere i huset til ekteparet. Etter hvert fikk de bygget et eget hus, ved siden av sitt eget. I dag, 2017, bor det 200 barn der! I Tanzania er det ganske unikt at privatpersoner tar på seg ei slik samfunnsutfordring og åpner hjemmet sitt for den tredjedelen av elevene som kommer fra fattige kår og gir dem gratis utdanning og husrom. Arbeidet de gjør er imponerende.

Ingen mellomledd
Prosjektet til ekteparet kan støttes ved å sende inn penger. En stor fordel er at pengene går direkte til skolen og barnehjemmet. Her finnes absolutt ingen fordyrende mellomledd. En annen fordel at Godbless Mamkwe er spesielt flink å forvalte penger og er også opptatt av at det skal komme lokalsamfunnet til gode f.eks. gjennom å sysselsette lokale personer som igjen gir dem et bedre og mer verdig liv. Neema Alex og Godbless Mamkwe er glade for all støtte de kan få.

Teksten er forfattet av Birgitte Fondevik som var så heldig å få besøke skolen i november 2017.

---

Osberget har bestemt at årets julegåve går til det nye biblioteket ved Bethel Nursery School.

Andrea Sundgot på toppen av Dalmannshornet.
Andrea Sundgot på toppen av Dalmannshornet.

Inspirasjon til topptur både vinter og sommar

Andrea Sundgot (Dalbart), Tindekvinde og glad i fjellet, har sendt oss e-post med oppfordring til alle som manglar julegåve eller som er ute etter inspirasjon. Andrea skriv:

"Mangler du julegave til noen som er glad i fjelltur både vinter og sommer?  Eller har du akkurat kjøpt deg toppturutstyr og trenger litt inspirasjon og støtte til å oppleve eventyret, slik det var med meg?

Jeg var spennaklar til å ta i bruk utstyret, men hvor skulle jeg gå, hva var et sikker veivalg, hvor kan det gå skred, og hvem blir med? 

Boka passer også til noen som foretrekker sommerhalvåret til å gå i fjellet. Uansett er boka en inspirasjon: beskrivelse av 7 vinter- og 7 sommer-toppturer, samt historien bak Tindekvinnene!

Hvem er Tindekvinnene? Det er en gruppe kjekke og rause damer, i forskjellige aldersklasser og med forskjellig bakgrunn. Kjernen består av meget fjellvandte damer som er veldig gira til å inkludere og få med andere kvinner på topptur, uavhengig av hvor fjellvandt eller sprek de er. Tindekvinnene gjorde at min første vinter-topptur ble en suksessopplevelse. Jeg følte meg helt trygg, fikk gode tipps og råd, noen latterkuler - og ikke minst ga turen mersmak."

--- 

Her kan du kjøpe boka

Forhånd.123456...37Neste
Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no