KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Louis Hodr Røren med si første diktbok.
Louis Hodr Røren med si første diktbok.

Louis Hodr Røren med si første diktbok

Ulsteinvikaren Louis Hodr Røren kjem med diktbok i romjula. Boka har han kalla Sjå der han deler 40 sjølvskrivne dikt med illustrasjonar som han har teikna sjølv. Boka vert trykt i 300 eksemplar.

I forordet skriv Louis: - Å skrive er ein ting, men tanken på at andre andre skal lese det ein skriv, kan verke skummel. Det er mange av mine indre kjensler som kjem fram i det eg skriv. Eg ser fyrst og fremst på meg sjølv som ein observatør. Eg skriv om det eg opplever og tenkjer på gjennom dagane

Louis Hodr Røren er fødd og oppvaksen i Ulsteinvik og har stort sett budd heile sitt liv i Ulstein. Louis er gift og har tre vaksne søner, samt fire barnebarn. Han er utdanna industrirørleggar og førskulelærar. I dag arbeider han som spesialpedagog ved Ulsteinvik barneskule. I tillegg underviser han i kunst og handverksfag, sløyd og formingsfag. Louis har fleire hobbyar: som skriving, teikning og måling og diverse trearbeid.

Boka kan tingast hos: louis.roren@tussa.com 

Hildegunn Welle interesserer seg både for design og yoga. Her demonstrerer ho ei yogastilling.
Hildegunn Welle interesserer seg både for design og yoga. Her demonstrerer ho ei yogastilling.

Designar med yogainteresse

I sommar opna det nye yogastudioet Yogano sentralt i Ulsteinvik sentrum. Det er Linn Urke Osnes som står bak studioet. Art Director Hildegunn Welle hos Osberget har laga den grafiske profilen til studioet. Hildegunn er sjølv interessert i yoga.

Designar og yogainstruktør
Hildegunn Welle arbeidar til dagleg som Art Director hjå Osberget, men ho er også utdanna og sertifisert instruktør i Ashtanga yoga. Ho underviser ved Yogano. Hildegunn hadde erfaring med andre former for yoga før ho prøvde Ashtanga-yoga.

- Eg har prøvd ulike typer yoga tidlegare, men ein dagleg praksis med Ashtanga yoga starta eg for to til tre år sidan. Då starta eg først og fremst for å kunne trene opp kroppen på ein skånsom måte etter ein del fysiske plager. Etterkvart såg eg at yogaen hadde mykje meir å tilby enn rein fysisk gevinst, og at den var med på å gi litt pause i kvardagen – pause frå tankar, stress og planar – og vere til stades her og no.

Dette vart starten på ei djupare interesse for treningsforma.

- Det ligg også mykje spennande filosofi bak ein yogapraksis og dette ville eg fordjupe meg meir i. Difor starta eg på ei lærarutdanning innan Ashtanga yoga. Her fekk vi lære om kva som ligg bak yogatradisjonen og korleis det kan påverke oss fysisk og mentalt.

Under open himmel
Det var dagleg leiar ved Yogano, Linn Urke Osnes som fyrst fekk ho til å opne augene for yoga.

- Den fyrste gongen eg verkeleg fekk interessa for yoga var faktisk på ein time med Linn som no driv Yogano. Då låg vi under open himmel etter yogapraksisen og fekk skildra korleis tankane kunne kome og gå slik som skyene over oss.

Hildegunn meiner ein ikkje treng noko erfaring frå anna trening for å starte med yoga.

- Eg er i utgangspunktet stiv som ein stokk og er ikkje utstyrt med den beste koordinasjon, fleipar ho.

- Så med lite bakgrunn innan verken idrett, dans, turn
eller liknande, starta eg liksom frå ”scratch”. Det var
trygt å lære seg ein fast serie som eg kunne huske, jobbe med og tydeleg sjå ei utvikling.

Herleg kontrast
Hjå Osberget driv Hildegunn hovudsakleg med grafisk arbeid på fleire ulike felt, og dette ser ein igjen i arbeidsoppgåvene.

- Til dagleg er eg på Osberget, og der er det mange
spennande prosjekt på gang som eg får ta del i, anten det er å profilere ei bedrift, lage nettsider, trykksaker eller
annonser. Det er eit bredt spekter i arbeidsoppgåver, og det er nettopp det som gjer det så kjekt å jobbe her. Både får eg verte kjent med ulike kundar og fagområder, og så får eg vere kreativ i arbeidet med desse. Ekstra kjekt var det kanskje å få profilere Yogano som eg no også underviser hos, seier ho med eit smil.

Hildegunn synest yoga er eit godt avbrekk i frå kvardagen.

- Yoga og design går kanskje ikkje hand i hand, men det er ein herleg kontrast! Ein kvardag i den kreative bransjen kan vere prega av høgt tempo og eit behov for eit klart hovud med friske idear. Då hjelp yogaen å halde hovudet kaldt og å få lande litt på matta ”mellom slaga”.

Sjekk den grafiske profilen som er gjort for Yogano her.

 Brakkeleiren, Horten 1970. Dette må ha vore litt av eit syn med så mange flotte karar samla på eitt brett.
 
Bak frå venstre: Bjarne Alnes, Einar Waage, Martin Roald, Kjetil Hasund, Jon Gjerde, Ron Meads, Tor Meinseth og Per Ståle Årseth.
Framme frå venstre: Inge Gjerde, Knut Meinseth, Egil Åkervik, Gunnar Beines, Fred Jacobsen, Severin Myklebust, Reidar Vikebakk og Hans Gisle Holstad. Foto utlånt av Hans Gisle Holstad.
Brakkeleiren, Horten 1970. Dette må ha vore litt av eit syn med så mange flotte karar samla på eitt brett. Bak frå venstre: Bjarne Alnes, Einar Waage, Martin Roald, Kjetil Hasund, Jon Gjerde, Ron Meads, Tor Meinseth og Per Ståle Årseth. Framme frå venstre: Inge Gjerde, Knut Meinseth, Egil Åkervik, Gunnar Beines, Fred Jacobsen, Severin Myklebust, Reidar Vikebakk og Hans Gisle Holstad. Foto utlånt av Hans Gisle Holstad.

Endeleg er boka om Kjetil Hasund klar!

Den har fått namn «Fenomenet Kjetil Hasund», etter ynskje om å vise kva Kjetil saman med Hødd har betydd for Ulsteinvik. Dette er ei bok som samlar eit utval avisartiklar rundt Kjetil og Hødd frå fleire av landets aviser i perioden frå 1959 til 1980. I tillegg er det spekka med intervju og betraktningar frå hovudpersonen Kjetil, intervju med medspelarar, samt eit eksklusivt intervju med ein vaskekte Høddtilhengar: Arne Scheie. 

Arbeidet har resultert i ei bok på blygsame 646 sider, som er full av både offentlege og private bilder. Fleire av bilda har aldri før vore publisert. Boka veger solide 3 kg, og då Kjetil Hasund la den i passasjersetet vart han støyande bedd om å ta sikkerheitsbeltet på ho! Boka kjem flott innbunden -  som ei «kaffebord» prydbok i stort flott format. 

Lanseringa vert fredag 1. Desember, men du kan allereie no forhandsbestille. Foreløpig vil det bli eit noko begrensa opplag, så her er det «først til mølla».

Kjøp boka her!

Bildet syner Polarstar legge til kai på Brandal, 26. august 2017. Foto Ishavsmuseet, Sigrid Jønsson.
Bildet syner Polarstar legge til kai på Brandal, 26. august 2017. Foto Ishavsmuseet, Sigrid Jønsson.

Den gamle dama er komen heim

Etter fleire år med restaurering kom Polarstar heim til Brandal, laurdag 26. august. Mange folk hadde samla seg for å sjå denne gamle skuta når ho no hadde fått full overhaling. I 2013 fekk Willy Nesset kulturprisen i Hareid, og i takketalen lova han å restaurere Polarstar. Lovnaden heldt han. Skipet gjekk for eiga maskin til det polske verftet Szczecin i 2013, og har gjennomgått ei fullstendig restaurering.

Willy Nesset skriv i boka “Mi interesse for ishavsbygda Brandal starta veldig tidleg på sekstitalet. Eg var då i 8-10 års-alderen og levde eit sorglaust liv i Snipsøyrdalen. På eit lite småbruk der det gjekk i gardsdrift, sommar- og sesong-jobbar og skulegang. Og leik og moro med gode vener til natta tok oss. Eg forstod ganske fort i min oppvekst at ishavsbygda Brandal var viktig for mange her på øya, også for heimen min. Og for veldig mange av heimane i distrikta rundt.”

Arbeidsplass for mange 100
Ved kai låg også boka om båten: “Polarstar - Ishavets Grand Old Lady”. Ei praktbok på 240 sider, trykt i 1000 eksemplar. Ei bok som fortel om den ærverdige og flotte skuta. No er skuta tilbake til Sunnmøre og Brandal der ho høyrer heime. Båten har opp gjennom åra vore arbeidsplassen til mange hundre menneske og har skapt store verdiar. Ishavsmuseet har god tru på på at bøkene som er trykt opp, vil bli selt i løpet av hausten.

NRK-mannen Gunnar Myklebust
Det er den kjente NRK-mannen Gunnar Myklebust, journalisten, forfattaren og utanrikskorrespondent i NRK, som
saman med Johannes Alme og Webjørn Landmark, har skrive boka. Myklebust har skrive fleire bøker. Med ein oppvekst mellom anna i Brandal og Ålesund, fekk han interesse for polarlivet.

Design og oppsett
Osberget har hatt ansvaret for designen og oppsettet. I nært samarbeid med dagleg leiar ved Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, er dei 240 sidene blitt eit flott historisk dokument for Polarstar. Boka har mange bilde som gir eit sterkt inntrykk av livet på skuta og alle stadane skuta har hatt sitt virke. Boka er trykt i Polen. Osberget takkar for oppdraget.

Bokbestilling
Boka kan bestillast på nettsidene til Ishavsmuseet - www.ishavsmuseet.no/nettbutikk Osberget har utarbeid nettsidene, nettbutikken og integrasjon til betalingsløysinga PayPal.

Om ISHAVSMUSEET AARVAK
Museet er ei sjølveigande stifting med formål å bevare
historia frå vår dramatiske sjøfarts-, fangst- og polarhistorie, og å legge til rette for studiearbeid og forsking.

Stiftinga har tilhald på Brandal der Ishavsmuseet flytte inn i nytt bygg, ei gamal sjøbu frå 1950, i 1998, 100 år etter at den første skuta gjekk ut frå Sunnmøre. Same år vart ishavsskuta ”Aarvak” sett på land i dokk ved sidan av museet. I 2009 vart eit stort fint vernebygg rundt skuta opna. Stiftinga har til no samla kring 4000 gjenstandar, ca 5-6000 foto og fleire filmar frå polare strøk heilt tilbake til 1924.

Kursleiar Hallvard Hatlestad var ein dyktig kursleiar.
Kursleiar Hallvard Hatlestad var ein dyktig kursleiar.

Engasjerande kursdagar

Måndag 28. og tysdag 29. august blei det halde kurs i Photoshop og InDesign med Hallvard Hatlestad som kurshaldar. Kurset blei halde på Quality Hotel Ulstein i to intensive og lærerike dagar. Nyttig lærdom for fleire.

Kurset vart halde i regi av Osberget, som hadde invitert ein av Noregs leiande instruktørar i Adobe, Hallvard Hatlestad frå Qross Kurssenter AS.

Kurset blei halde på Quality Hotel, Ulstein som leverte kurslokale og lunsjbuffet. Hotellet var godt eigna som kursstad med profesjonell oppfølging.

Kurset var ikkje berre for tilsette hjå Osberget, men også for andre entusiastar for grafisk design og fotoredigering. Hatlestad starta med å gi kursdeltakarane ei innføring i kor kraftig Photohop og Indesign er som arbeidsverktøy, og kor ein
effektivt tilpassar programvarene til sine individuelle behov; frå større prosjekt som oppsett av bøker og rapportar, til mindre og meir personlege prosjekt som invitasjonar og etikettar.

Ein sentral del av kurset handla om korleis oppretthalde ein mest mogleg effektiv og organisert arbeidsflyt i kvardagen. Kurset var fortrinnsvis om Adobe Photoshop og InDesign, men kursdeltakarane fekk også ei innføring i programvarene si moglegheit til å samarbeide med program utanfor Adobe.

Hatlestad gav også ei innføring i dei nye funksjonane til Adobe sitt nye system ”Adobe Creative Cloud” på data og mobil.

Forhånd.1234567...37Neste
Loading...

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no