Visuell identitet for IKT-selskap

Søre Sunnmøre IKT

Søre Sunnmøre IKT er eit interkommunalt samarbeid med Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Dei primære tenestene som leverast er drift, utvikling og brukarstøtte av IKT-system for om lag 14 500 tilsette og grunnskuleelevar i dei sju kommunane.

Vi fekk i oppgåve å designe ny logo og visuell identitet for Søre Sunnmøre IKT. SSIKT leverer og driftar IKT-system for dei sju kommunane, og ønska ein logo som spegla dette. Logoen skulle produserast både i fullform av namnet og i kortform som SSIKT for ulik bruk.

Løysinga vart ein logo med eit stilisert kart over fjordane på Søre Sunnmøre som logosymbol, som er det som bindar dei sju kommunane saman – slik som Søre Sunnmøre IKT også gjer.

Fleire prosjekt

Gå til toppen