Levd liv 2015

350,-
Lagerstatus:
På lager
Leveringstid:
2-4 virkedagar
Frakt:
Gratis
Velg antal

Årsskriftet til Ulstein Historielag, Levd liv, ligg føre. I årets utgåve er krigen og fredsdagane eit viktig tema. Men her er også fersk historie: Den såkalla Trekantsaka var avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik.

I år er det 10 år sidan dei siste og avgjerande vedtaka i Trekantsaka i Ulstein, eller Tre-i-eitt-prosjektet som saka oftast er kalla i kommunale dokument. Kven fekk ideen? Når kom saka aviser og publikum for øyre? Når gjorde kommunestyret dei viktigaste vedtaka? Kvifor vart Trekantsaka så avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik? Alt dette og mykje meir kan du no lese om i artikkelen som også er rikt utstyrt med bilete av dei mange aktørane i saka.

Levd liv 2015 er på heile 180 sider og rommar 15 artiklar, alle saman illustrerte med bilete.

Innhald:

  • Trekantsaka – avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik
  • Song- og musikklivet på bedehuset
  • Kvernhusa på Flø
  • Historia om Inga Ulstein
  • Kvernhuset og Dragsundraidet
  • Flukta over havet
  • Porsanger – Ulstein tur – retur
  • Ulsteinkvinne minnest oppbyggingsåra i Finnmark
  • Historia om Peder F. Waage
  • Fløgut med krigsinnsats og lokalt engasjement
  • Krigen og fredsdagane i Ulstein
  • Skuleplass og talentfabrikk
  • Straumane Handelslag
  • Fiskebåtar frå Hasund og Dimnøy på 1900-talet
  • Nokre barndomsminne