Vi leverer live-stream

av Glenn Karlsen
14. januar, 2021

Live-stream er levande framvising av digitalt innhald, som bilde og lyd. Mottakaren koplar seg til og får oppleve innhaldet utan å laste ned noko. Når brorparten av samhandling i dag skjer på nett er dette eit framifrå verktøy til å dele innhald, med lågare terskel for deltaking enn ved fysiske arrangement.

Live-stream er noko som kan eigne seg i mange settingar. Anten det er landsdekkande teambuilding, ei meir livleg deltaking på digitale messer eller intern opplæring. Vi kan hjelpe dykk uansett kva de ønsker å bruka streamen til og uansett ambisjonsnivå. Streaming kan vere så enkelt som ein PowerPoint-presentasjon med enkelt og fint bilde av presentatøren. Dette kan utførast på kva kontor som helst; vi kjem med lamper og kamera, og dykk stiller med innhald.

Vi kan òg hjelpe til med større arrangement der ein har ei scene som blir dekt med 2 kamera (eller fleire) og der dykk har ein kombinasjon av foredragshaldarar, videosnuttar og eksterne bidragsytarar.

Vi kan bidra med alt frå:

Kamera
1-5 stk.

Mikrofonar
Nok til å kunne dekke dei som er på scena

Lamper
Vi har nokre enkle lampar for bruk på mindre scener, og fleire lampar kan lett leigast.

Eksternt innhald
– Ferdiglaga video: Vi kan lage noko for høvet, eller dykk kan bruke noko dykk har sjølv.
– Eksterne bidragsytarar: Ved hjelp av Teams e.l. kan folk frå ulike delar av landet delta i streamen.

Produksjon av innhald
Presentasjon: Vi kan finpussa presentasjonen dykkar.
Video / Animasjon: Har dykk ein viktig bodskap som treng litt ekstra snert? Det kan vi hjelpe til med.

Livechat med deltakarar
I mange settingar kjennast deltakarar meir til stades om dei kan delta i ein chat. Vi kan hjelpe dykk med å setje dette opp.

Plattformer vi har erfaring med
YouTube, Facebook, Vimeo, Brightcove, Zoom og Teams. Dei fleste plattformer fungerer nokså likt, så det er berre å spørje om du lurer på om dykkar favoritt-plattforma fungerer for stream.


Vil du komme i gang? Vi hjelper med idéar, planlegging og gjennomføring. Kontakt oss for meir info!