Marknadsfør deg med big data

google-analytics-hotjar_analyse-fantastiske-osberget-big-data
Google Analytics og Hotjar er populære verktøy som analyserer trafikk på heimesida di.
av Åge Grimstad
27. november, 2020

Datainnsamling og sporing av brukaråtferd er ikkje lenger øyremerkt teknologigigantane i Silicon Valley. Bruk av big data og sporing av besøksaktivitet på heimesida er ein av dei essensielle komponentane for å sikre meir målretta og kostnadseffektiv marknadsføring.

Når ein skal til med marknadsføringa kan det gi god effekt å nytte seg av det ein kallar for big data, eller stordata. Big data kan til dømes vere anonymisert informasjon om korleis brukarane samhandlar med nettstaden din.

Informasjon om brukarane har stor nytteverdi. Over tid vil innsamling av data avdekke bruksmønster som ein kan nytte i marknadsføringa. Dess meir informasjon ein har, dess enklare er det å ta dei rette strategiske avgjerslene som gjer at ein når fram til kundane.

Google-søk etter begrepet big data vaks kraftig fram rundt 2010. Eit tiår seinare er begrepet big data framleis like relevant

Oversikt over kundane

I løpet av sommaren var 30% av dei besøkande av ein nettstad vi administrerer kvinner, resten var menn. Det var få av desse som var i starten av tjueåra, mesteparten var 60+.

Dersom ein skulle nytte denne informasjonen i marknadsføringa kunne ein til dømes starta målretta annonsering mot den yngre, mindre aktive gruppa. Effekten av dette ville resultert i eit breiare nedslagsfelt og større kundemangfald. Ein annan strategi kunne vere å legge heile innsatsen mot dei eldre, meir aktive kjernekundane. Ein kombinasjon med fokus på å nå tak i nye kundar, utan å gi slepp på kjernekundane er ofte eit godt kompromiss.

Lærdommen er at forskjellege målgrupper reagerer på forskjelleg bodskap. Dei er aktive på forskjellege tider av døgnet, og dei har også forskjellege bruksmønster. Utan datasporing hadde vi ikkje hatt grunnlaget til å drøfte dei faktorane nevnt ovanfor.

Hovudpoenget er at anten det er PowerPoint, annonsering eller innhald på nettstaden, er det avgjerande å vite kven kundane er og korleis ein skal nå fram til dei. Her er big data ein god hjelpar.

 

marknadsføring-big-data-google-analytics
Google analytics er eit godt verktøy for å tolke brukarane sin atferd på heimesida.

Meir effektiv marknadsføring

Målretting av annonser er nærmast uavgrensa med hensyn til moglegheiter. Tek ein dei rette vala, er sjansane store for at ein når tak i dei mest verdifulle kundane.

Av konkrete valmoglegheiter, kan ein til dømes:

  • Auke budsjettet for viktige søkeord
  • Nytte forskjellig bodskap til forskjellige målgrupper
  • Justere budsjett etter alder, kjønn og geografi
  • Prioritere kundar som har nytta mykje tid på sida
  • Utelate kundar som gjekk raskt inn og raskt ut
  • Mykje, mykje meir

Nye val og målrettingar dukkar stadig opp. For å få best effekt må ein difor tilpasse seg nye faktorar, og jobbe kontinuerlig med innsatsen.

Betre innhald

Gjennom sporing av brukaratferd på ein nettstad, kan ein sjå kva innhald kundane bruker mest tid på. Faktorar som tidsbruk på undersider seier noko om kvar på nettstaden brukarane finn innhaldet interessant. Høg tidsbruk kan tolkast som at innhaldet har høg verdi for brukarane.

For å få innblikk i kundane sine bruksmønster kan ein ta i bruk populære analyseverktøy som til dømes Google Analytics og Hotjar. Desse verktøya kan gi svar på viktige spørsmål som:

  • Kva innhald har høg verdi for brukarane?
  • Kvar hoppar brukarane av?
  • Kvifor er tidsbruken lågare på enkelte sider?
  • Korleis informerer vi på best mogleg måte?
hotjar-fantastiske-osberget-digital-marknadsføring-analyse
Hotjar viser kva brukarane finn interessant med varmekart.

 

Hovudpoenget er at dårleg, uinteressant innhald garanterer at brukarane forlet heimesida raskt. Har ein verktøy som dei nemnd ovanfor, kan ein enkelt avdekke dårleg innhald, forbetre dette ved høve, og følge med på om endringane har påverknad for brukaratferden framover.

Les: Innhald er viktigare enn nokon gong

Uansett kva ein vil oppnå, er verktøy for datainnsamling og sporing essensielt for å halde heimesida levande. Dette sikrar eit godt grunnlag for forbetring, og ein kan kontinuerlig tilpasse og justere heimesida til fordel for kundane.

Google-analytics-sporing-besøkstrafikk-analyse
Google analytics samlar data som er svært nyttig for ei rekke bruksområde.

Kom deg på rett spor med big data

Det kan bli kjedeleg å setje seg inn i sporing og analyse av digitale data. Heldigvis elskar medarbeidarane våre nettopp dette. Vi finn glede i å skape gode resultat gjennom å lese og tolke informasjon som kan nyttast til endå betre marknadsføring. Vi sørgjer for å samle relevante data i rapportar som er lette å forstå, slik at du til kvar tid har oversikt over tiltak og resultat.

Gå til toppen