KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Bustadveljaren til FriSikt.
Bustadveljaren til FriSikt.

Bustadveljar for Ulsmo

Saman med Ulsmo og arkitektselskapet Niels Torp, har Osberget utarbeid ein bustadveljar for dei ulike husa og leiligheitene knytt til bustadprosjektet FriSikt ved Volsdalsberga i Ålesund. 

Ved bruk av bustadveljaren er det enkelt for aktuelle kjøparar å få oversikt over prosjektet og finne si leilegheit. Bustadveljaren syner dei ulike husa, faktatekst og bilde over kvar einskild leilegheit. Ved at leilegheitene er merka med gult, grønt og raudt, vil det bli enkelt for kunden å finne fram reservert, selde og ledige leilegheiter.

– Fri Sikt Volsdalsberga er eit av dei største bustadprosjekta i Ålesund i nyare tid med tilsaman 150 leiligheiter. Nettsidene og bustadveljaren er eit viktig marknadsverktøy for det vidare salsarbeidet, seier administrerande direktør Ingerid Ulstein i Ulsmo.

Osberget har nytta WordPress som publiseringsverktøy. Alle teikningar knytt til prosjektet er levert frå arkitektselskapet og gjengitt i beste kvalitet. Kunden sjølv kan sette status på dei ulike leiligheitene i salsprosessen.

Ingerid Ulstein / Ulsmo
Prosjektet fekk ein «flying start» med sal av bustader for over 150 millionar kroner. Gode nettsider med ein tydelig bustadveljar har vore ein av fleire viktige faktorar for suksessen, seier administrerande direktør Ingerid Ulstein i Ulsmo.

frisikt.ulsmo.no

---

Di neste nettside i WordPress. Ta kontakt med Magne Grimstad på magne@osberget.no eller telefon 932 17 366 for ein uforpliktande samtale.

Fleire prosjekt

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no