ReNorway
ReNorway er leverandør av fjernvarmesystem og ”plug & play”-energisentralar med universell utforming som er meir kostnadseffektiv og installasjons- og brukarvennlig enn dagens løysingar. Kombinasjoner av kjend teknikk med nye løsningar som blir patentert.  Vi har laga filmen deira!
13.05.14 08:42
Romantic Styling

Utstilling ved Kunstmuseet KUBE 16.11 - 31.12.2013

Fantastiske Osberget fekk dette spanande oppdraget og har designa logo, kunstkatalog, plakat, invitasjon, veggfolie og banner. Utstillingsåpninga laurdag 16. november vart ein knallsuksess med over 250 besøkjande. Takk for eit supertgivande prosjekt!Romantic Styling er ein utstilling der forstaden står i sentrum både i motivkretsen og gjennom kunstneranes bakgrunn. Vi møter forstadsmenneske og forstadens ulike karaktererar. Deiras verdiar, draumar og kvardagsliv lyftast fram og belysast frå ulike hold. Valeria Montti Colque og Bent Erik Myrvoll tilhøyrer ein generasjon kunstnera som har vakse opp i ei tid då vårt vestlige overflodssamfunn har nådd toppen av alle konjunkturar. Dei er samtidig i den generasjonen som kanskje fyrst har fått kjenne på dei negative fylgene denne ikke-bærekraftige utviklinga har hatt og vil kome til å få for miljø og fordelingspolitikken. Dette er tema dei begge har tatt med inn i kunsten, blant anna gjennom gjenbruk av material.  
18.11.13 09:16
Budsjett og økonomiplan Ulstein kommune
Vi har i samarbeid med Ulstein Kommune utarbeida Budsjett- og Økonomiplanen for 2014 - 2017. Per Eide har tatt bilda. Vi takkar for arbeidet!Ulstein er ein kommune på øya Hareidlandet på Sunnmøre i Møre og Romsdal, med kommunesenteret Ulsteinvik. Han grensar i aust til Hareid kommune. Mot vest ligg øykommunen Herøy. Mot søraust, over Vartdalsfjorden, ligg Ørsta og Volda. Bygdene Haddal, Eiksund, Hasund, Dimnøya, Flø, Skeide og Ulstein ligg alle i Ulstein kommune. Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984. Besøk kommuna si heimeside her.        
15.11.13 08:56
ULSTEIN FJERNVARME
Ulstein Fjernvarme er ei nyetablert bedrift i Ulsteinvik som leverer fjernvarme til private og det offentlege. Deira fokus er fornybar energi gjennom aktivt utviklingsarbeid som trygger samfunnets fellesskap og framtid. Dei leverer varme og kjøling frå termisk oppvarming ifrå sjøen og har såleis miljøet sentralt i deira visjon.Osberget AS har fått det ærefulle oppdraget å byggje profilen deira frå starten. I arbeidet med logoen var nettopp miljøaspektet sentralt. Logoen skal reflektere at Ulstein Fjernvarme leverer både kjøling og varme. Dråpen er symbolikken på energikjelda deira. Den grønblå fargen er både varm, kald, og kan saman med si organiske form, assosierast til vatn, naturen og miljøet. Vi gleder oss til det vidare arbeidet med Ulstein Fjernvarme!
14.11.13 13:45
FURENE - 40 år!
Furene fyller i 2013, 40 år! I den samanheng har vi bistått med å utarbeide eit jubileumshefte. Gjennom 70 sider får interesserte eit innblikk i historikken til Furene AS, samt møte nokre av nøkkelpersonane bak den stadig veksande bedriftaFurene AS skal utvikle og levere tenester som er attraktive i den forstand at dei inkluderer og fremjar arbeid i aktivitet. Deira visjon er "Furene - for den som vil og kan!" og set menneske i fokus ved å la evner og anlegg hos kvar enkelt spire. Deira profil og verdiar ville vi fremje gjennom enkel grafikk som symboliserar det skjøre, men veksande menneske - og Furene som ei hjelpande hand i denne prosessen. Forfattar: Asle Geir Widnes Johansen
14.11.13 13:18
ULMATEC
Ulmatec leverer funksjonelle og spesialiserte marine løysingar for riggar og skip basert på kundane sitt behov. Saman med Tegneren står vi bak den grafiske profilen til Ulmatec.I samanheng med Nor-Shipping 2013 ønskja Ulmatec å friske opp profilen med både bildekonsept, brosjyrer, messestand og nye nettsider! Ulmatec ønskja å nytte enno meir av potensiale i profilen. Klare fargar, stramme linjer og bildebruk skulle forsterke dei som ein solid leverandør. Osberget takkar for oppdraget med utarbeiding av nye nettsider, design og leveranse av messestand og grafisk arbeid. Til bildekonsept har vi brukt fotograf Vasco Pinhol.

Besøk nettsidene til Ulmatec på www.ulmatec.no.            
24.07.13 14:02
Norsk Dystoniforening
Gjennom tett samarbeid med kunden har vi utvikla og designa dei nye heimesidene til Norsk Dystoniforening. Heimesidene er tilpassa mobil og nettbrett. Vi takkar for dette kjekke oppdraget! Nettsida kan du finne her.
12.07.13 14:58

Fantastiske Osberget er eit
fullverdig reklamebyrå.

Vi leverer alt innan
profilering og design.

Fantastiske Osberget
Postboks 168
6067 Ulsteinvik
post@osberget.no
70 00 90 90

Jubileumsutgåva av Levd liv i handelen denne veka
Den tiande utgåva av Levd liv ligg føre. Det populære årsskriftet til Ulstein historielag er dermed ei jubileumsutgåve i jubileumsåret 2014. Dette blir markert.I boka, som i år er på 168 sider, vil du finne ein artikkel som fortel om historia bak Levd liv. Du vil også finne mykje lokalhistoriske stoff om 1814. I den andre enden av tidslinja tek boka for seg eit fenomen frå 1980-talet – den gongen den unge Sissel Kyrkjebø samla 1.700 i Ulsteinhallen. Levd liv blir gitt ut av Ulstein historielag i samarbeid med Osberget AS. Aksel Hauge har leia redaksjonsnemnda og Magne Grimstad jr. har vore redaktør. Boka har selt godt, og i jubileumsåret ventar historielaget seg ekstra godt sal.
– Vi hadde aldri klart å skape Levd liv utan dei mange velvillige forfattarane rundt om i bygdene i Ulstein. For redaksjonsnemnda har det vore eit mål å få med stoff frå alle krinsane i kommunen. Stort sett har vi lykkast med det, seier Hauge. I årets utgåve har Kåre Alme skrive artikkelen «John Alme – japansk krigsfange», Egil Myrene har levert artiklane «Haddal Notlag» og «Steingardane i Haddal». Otto Botnen fortel om «Serine i Nilsgarden». Asle Geir Widnes Johansen har skrive artiklane «Ulstein i 1814 og åra før», «Prestens tale i mars 1814» - og om Sponders Booking som «Ville flytte musikklivet til Sunnmøre». Gunn Berit Gjerde fortel om Osa-Petter, Rolf Sundgot om «Fløhamna». Så fortel Øyvind Hasund om Hallvard Hasund, medan Karl Kleven skriv «Om tida i likningsetaten frå 1956 og framover». Knut Arne Høyvik fortel om «Notbasar i Ulstein». Aud Marit Wiig og Guri Alme avsluttar denne utgåva av Levd liv med «Ulstein kunstlag 70 år». Som vanleg er boka rikeleg utstyrt med historiske bilde og illustrasjonar; båtar, gardar, bygningar, verksemder og menneske. Ungdomar frå Ulstein Tensing vil selje boka på dørene onsdag og torsdag denne veka. I tillegg kan du kjøpe boka hos dei lokale bokhandlarane eller på standen til Ulstein Historielag på Amfi førstkomande laurdag. Dessutan kan du tinge boka via nettbutikk på nettsidene til historielaget www.ulsteinhistorielag.no  og Fantastiske Osberget www.osberget.no .  
03.11.14 13:38

Stor kontrakt til Fantastiske Osberget
Etter at klagefristen gjekk ut, kunne gjengen i Fantastiske Osberget juble for å ha blitt tildelt rammeavtale på kjøp av grafiske teneste til Møre og Romsdal Fylkeskommune. Rammeavtalen går over to år.I grunngjevinga står det mellom anna at selskapet har "meget god kompetanse og erfaring innen formgivning, digitalt innhold og profilutvikling." Vidare i grunngjevinga er det vist til "svært gode arbeidsprøver som viser solid fagkompetanse med stor grad av kreativitet." Osberget er vurdert til å vere den som har levert det beste svaret på tildelingskriteriane med eit ryddig, gjennomgåande grundig svar og godt knytta opp mot krava til fylkeskommuna. I veke 43 reiser Fantastiske Osberget til Molde for å starte jobben. Vi gler oss!
15.10.14 21:20
ROBINET AS har fått svær produktkatalog
No har ROBINET AS fått den nye produktkatalogen sin. Det er ei omfattande og fin trykksak på heile 260 sider med eit imponerande produktutval. Katalogen er designa og produsert av Osberget.Osberget har samarbeidd med ROBINET ei god stund og har designa og produsert nettside, profilhandbok, produktark og visittkort til bedrifta. - Du må vere nokså pedantisk når du arbeider med ein slik omfattande produktkatalog. Det er ikkje alltid like lett for eit kreativt hovud. Men det har gått fint etter kvart, smiler designar Marius Ertesvåg. Han synest arbeidet med katalogen har vore lærerikt: – Rør er slikt som finst over alt, rundt oss og under oss. Hos ROBINET er dei veldig kunnskapsrike. Derfor er dei så inspirerande å samarbeide med, legg han til. Stolt av produktet
- ROBINET AS er endeleg i mål med vår nye produktkatalog, til glede for oss sjølve,
men ikkje minst for dei mange kundane våre som i lengre tid har etterspurt denne.
Dette er ein omfattande prosess som krev tett samarbeid frå dei involverte. I heile prosessen har personellet hos Osberget stått ved vår side og guidet oss fram til eit resultat vi har all grunn til å vere stolte av. Deira kunnskap om design og visuelt uttrykk går igjen i det resultatet vi sit igjen med no. Vi takkar for godt samarbeid, helsar dagleg leiar Frank Borge i ROBINET.
Flotte lokale i Saunesmarka
– Vi er glade for oppdraget og det gode samarbeidet med ROBINET. Bedrifta har skaffa seg eit flott bygg i Saunesmarka i Ulsteinvik. Der er det reint og ryddig – og alltid hyggeleg å kome inn, takkar dagleg leiar Magne Grimstad. ROBINET AS vart etablert på Askøy utanfor Bergen i 1992. Dei første 20 åra var marknadsaktivitetane i Norge i hovudsak retta mot dei store røyrgrossistane som utgjorde selskapets forhandlarledd mot industrien i Norge. I 2011 tok bedrifta spranget frå å vere ein rein forhandlar av ventilar til å bli ein fullsortiments industrigrossist med eit produktspekter tilpassa den maritime industrien.  - Dyktige medarbeidarar med mange 10-års erfaring frå bransjen vart tilsett, og i februar 2011 opna vi avdeling i Ulsteinvik. I August 2012 flytta vi inn i eit nytt spesialtilpassa kontor og lagerbygg på 2500 m² sentralt i Ulsteinvik. Vi er i dag vel etablert som ein industrigrossist som frå lokalt lager leverer eit komplett varespekter som inkluderer ventilar, aktuatorar, rør og delar i alle utføringar og materialar, fortel ROBINET på heimesida si. I desse tider då sentralisering og distansering ser ut til å vere trenden, gjer ROBINET det motsette og samlar varer, service og kompetanse der då dei høyrer heime. Der kundane er.  
04.09.14 09:54