Bli kjent med Åge

av Fantastiske Osberget
04. oktober, 2022

Åge starta selskapet tilbake i 1991 med namnet Melodi og Kunst Grimstad. Seinare blei namnet endra til IRIS design, og sidan 2012 har vi heitt Fantastiske Osberget. I år er det over 30 år sidan den spede byrjinga!

Åge er utdanna lærar frå Høgskulen i Volda, men det var visst ikkje lærar han skulle bli når han blei stor – for han har gitt ut blad og aviser sidan han var ti år gammal. Han har lært seg designprogramma på eiga hand – frå PageMaker og QuarkXPress til Adobe- og Office-programma vi bruker i dag.

I samarbeidet med dei gode, dyktige og sjølvstendige medarbeidarane sine (Åge sine ord, og det er heilt sant!) er Åge oppteken av at vi skal setje kursen vidare saman. Åge jobbar med kreativ visualisering av produkt som brosjyrar, filmar og presentasjonar, og han kjem stadig med nye, fantastiske idear. Han har også spesialisert seg på Facebook og korleis ein kan bli sett i ein jungel av medieinntrykk. Her likar han å skape uttrykk som fengjer og gleder saman med kunden – i form av bilete, film eller gode presentasjonar. På dette feltet har Åge mykje å tilføre!

Tilfeldige fakta

  • Åge er tvillingbror til Magne og er fødd 10minutt før.
  • Åge elskar å spele i Holy Ghost Band, der han trakterer perkusjonsinstrument som congas, tamburin, osb.
  • Kvar morgon (nesten iallfall) går Åge tur med hunden sin Boogie Man, ein vilter jack russell-terrier.
  • Åge er veldig svak for sushi og iskald øl.
  • Ifølgje Åge er det ingen som slår musikken til Michael Jackson og Pink Floyd.
  • Åge har hus i Havanna på Cuba og har jobba der i 10 år.

Fantastiske prosjekt Åge har jobba med dei siste åra

1. Hødd – Leverandørkonferansen

I 13 år har Fantastiske Osberget vore med å promotert den årlege Leverandørkonferansen for Hødd. I tillegg til nettsider og grafisk design har vi hatt ansvaret for all digital marknadsføring.

Prosjektleiar/framdrift. Sjå meir her: https://leverandorkonferansen.no/

“Dette var ei konferanse som starta med rundt 50 deltakarar og har vokse seg til fleire hundre. Veldig stolt av designen og måten vi har utført dette på!” – Åge

2. Vik Ørsta

Launch på Facebook og Google Ads i 2020.

Prosjektleiar/framdrift.

“Det har vore ein eventyrleg suksess med fleire 100 000 treff. Veldig stolt av designen og måten vi har utført dette på!” – Åge

3. Brødrene Dahl

Grafisk profilarbeid i snart 20 år.

Prosjektleiar/grafisk designar.

“Sidan 2004 har vi vore så heldige å fått vere ein leverandør av design for Brødrene Dahl. Eg vart kalla “Åge katalog” fordi vi var med på bl.a. å revolusjonere industrikatalogen deira” – Åge

Gå til toppen