Himmel over bygda

Dette er ei historiebok; ei bok om korleis kyrkje og kristendom opp gjennom åra har vore med på å skape Hareid, påverka tankeliv og kultur, fått menneska til å samhandle; vore lim i samfunnet.

Boka himmel over bygda med rødt cover vises med fyr i peisen i bakgrunnen og en kaffekopp.

Boka er i prinsippet skriven for alle, og då spesielt for den lesande, historieinteresserte delen av folket i Hareid, men òg vidare. Boka er ikkje minst retta mot dei som er særleg interesserte i korleis kristendommen og kyrkja har vore med på å forme dette lokalsamfunnet.

Fantastiske Osberget har hatt ansvaret for design og setting av boka. Vi har også formidla trykking. I tillegg har vi hatt eit administrativt ansvar knytt til framdrift av boksprosjektet.

Boka kan du kjøpe hos Sunnmørsbøker.

Vi vil takke Magne Grimstad jr. i Osberget for eit godt og ryddig samarbeid med boka.

Finn Sindre Eliassen

Hareid Historielag

Forfattar Asle Geir Widnes Johansen skriv i forordet til boka:

I hovudsak skriv eg kronologisk; det betyr at årstal og epokar blir viktige. Men av og til stoppar eg opp og repeterer eller tar opp att; av og til drar eg linjene framover gjennom tiåra – for å skape samanheng og forståing. Eg likar å kalle denne delen av metoden min for hermeneutisk, i alle fall om eg reknar med bruken av samtidige tekster, slikt som dagbøker, avisartiklar og andre tekster frå den tida kapitlet er henta frå. Slik får vi tydeleg fram historiske tankar og meiningsbrytingar og lærer å forstå korleis historia har utvikla seg. Vi kan ikkje måle fortidas tankar og skikkar berre med vår notids målestokk og kanskje i tillegg snakke dei ned. Vi må også måle fortida med fortidas målestokk.

Eg meiner dessutan det kan vere viktig å dra inn nasjonale og også internasjonale hendingar. Dette forklarer sider ved tidsperiodar som har påverka lokalsamfunnet og gir epokekjensle. Det kan vere slikt som reformasjonen, Hans Nielsen Hauge-epoken, den økonomiske krisa på 1920- og 30-talet, debatten om helvete på 1950-talet og jappetida på 1980-talet.

Eg kan innimellom bruke omgrep som «kristenfolket» og «kristne kjernetroppar». Orda er vel til ein viss grad sjølvforklarande, men med «kristenfolket» meiner eg først og fremst den aktive, engasjerte delen av dei som kallar seg kristne, dei som har teke eit aktivt standpunkt.

Gå til toppen