Kilishare er eit utviklingsprosjekt i byen Himo ved foten av Kilimanjaro i Tanzania. Målsettinga til prosjektet er å gi born og unge god helse og god utdanning. I tillegg driv Kilishare med ulike prosjekt som skal gi arbeid og utvikling i regionen.
Kilishare er eit utviklingsprosjekt i byen Himo ved foten av Kilimanjaro i Tanzania. Målsettinga til prosjektet er å gi born og unge god helse og god utdanning. I tillegg driv Kilishare med ulike prosjekt som skal gi arbeid og utvikling i regionen.
Arbeidet til Neema og Godbless er hundre prosent styrt av innbyggarane sjølve og dei innsamla midlane har ingen mellomledd: kvar krone som blir samla inn går til arbeidet i Tanzania.
Osberget har bl.a bistått med profilering og nettside, samt økonomiske bidrag i form av julegåve frå dei tilsette. Kilishare (Bethel Home and school) er registrert som ein ikkje-kommersiell organisasjon i Tanzania. Meir om prosjektet finn du på www.kilisharelodge.com eller http://smallandbigintanzania.blogspot.com/
Det offisielle namnet er BETHEL PRIMARY ENGLISH MEDIUM SCHOOL med registreringsnummer KL.02/7/014.
Ved å engasjere seg i Kilishare, tek Osberget ansvar for å oppfylle nokre av berekraftmåla til FN slik som
Om du har lyst å støtte prosjektet kan du ta kontakt med dagleg leiar Magne Grimstad jr., magne@osberget.no I +47 932 17 366.
Osberget vil ved behov fylgje opp prosjektet ved sjølvsyn for å sjå utvikling og framdrift og drøfte ulike tiltak og oppgåver med dei tilsette i Kilishare. Kostnadar knytt til reise og opphald vert ikkje henta frå dei innsamla midlane.
Det er Bjørn Tønnesen frå Sogndal som administrerer og fordelar innsamla midlar til Tanzania og arbeidet til Neema og Godbles Mamkwe. Her er ein oversikt over midlane som har kome inn i perioden 2012 til 2020:
2012 – kr. 48 000
2013 – kr. 115 000
2014 – kr. 82 000
2015 – kr. 96 000
2016 – kr. 108 000
2017 – kr. 145 000
2018 – kr. 159 000
2019 – kr. 115 000
2020 – kr. 311 000
Sum kr. 1 179 000
For å gje ein idé om kva desse kronene representerer i Tanzania:
Klikk her for oversyn over kva som kom inn på Afrikakontoen i 2020. Kontonummeret er 3785.11.72557. Oversynet er stadfesta av banksjef Oddstein Haugen og Lene Fuhr Sandvik i Luster Sparebank.